onsdag 23. mai 2012

Nyebilen :)

Då har Oskar blitt bileigar i ein alder av
2 år og 10 mnd...skulle egentlig ønske at han
heller eigde ein trehjulssykkel som han kunne
"ræse" rundt på - men når ting er som dei er -
er denne til stor hjelp :)


Kjempefin - og selvfølgelig BLÅ :)
Oskar er veldig bevisst på at dette er HANS BLÅ BIL ;)


Turney-sete som kan snuast ut av bilen og heisast
ned dersom det er behov for det -
gjer det mykje enklare å sette Oskar inn i bilen!
Han har eit framovervendt Besafe-sete som
er handikapptilpassa - men ser ut som eit ganske
vanlig bilsete.


Rampe bak som gjer det lettare å få med hjelpemidla til Oskar -
vi har søkt om vogn som er krasjtesta og kan brukast i bilen
fram til han får rullestol.


Rampa er selvfølgelig godt sikra under køyring -
men skranglar litt når det humpar i bilen ;)

Alt i alt er vi veldig fornøgde med bilen - og
reknar med at den vil gjere kvardagen litt meir praktisk
tilrettelagt for oss - men ser allereie at vi treng større
bil neste gang...

Håper dåkke har hatt ein strålande dag i sola -
det har i alle fall vi ;)

Klem frå Sissel


2 kommentarer:

  1. Forstår godt at du heller ønska trehjulsykkel! Men så bra at de har fått bil. Eg veit mange som kjempar lenge for å nå gjennom. Og eg veit ein som svarte til nokon som var misunneleg: Du kan godt få bilen, og du kan få rullestolen også! Då blei det stille.

    SvarSlett
  2. Hurra for bil!!! :) Kommer dokke i sommer da? ;) Gleder meg til våra står uten for her og!! :)

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)