Då er posane til Oskar ferdige - i dag har eg jammen vore effektiv etter at prinsen sovna :) I mårgå skal eg lage ja/nei armband :)
Syns dei vart ganske søte :) Og blogggevinsten fekk eit nyttig formål ;) Ha ein flott kveld! Klem frå Sissel
onsdag 28. september 2011
Ja og nei
Det bør vere ein menneskerett å få lov til å seie ifrå om kva ein vil og ikkje vil - å få lov til å seie ja eller nei. Oskar har ikkje språk, men klarer godt å gi uttrykk for kva han vil og ikkje vil ved ansiktsmimikk og kroppsspråk :) Men no er tida inne for litt meir abstrakt læring. Så etter Statped var her i går vart vi enige om å lage ja og nei armband til han, slik at han kan seie "ja" eller "nei". Dette blir spennande ;)
Så i dag har eg vore å handla inn stoff og borrelås - og avtalt lån av symaskin med mamma. Så no skal eg gjere noko eg ikkje har gjort på 15 år - sy med symaskin!
Og dette skal bli til vesker til i-pad og mobilen som Oskar har fått av oss ;) Ja, han har blitt den lykkelige eigar av avanserte tekniske duppedittar i ein alder av 2 år! MEN : mobilen skal brukast til at ein kan ta bilder i barnehagen og heime for å laste over på i-pad slik at Oskar kan få fortelle med bilder kva han har gjort på - og den skal brukast for at assistentane til Oskar alltid skal kunne få tak i oss om det skulle vere noko. I-paden skal også brukast for å stimulere Oskar til å bruke hendene sine meir ved å laste app-ar som han syns er kjekke. Dette har vi allereie testa ut ilag med Anne-Merethe frå Statped, og Oskar blir så ivrig at alt går i kryss - men det håpar vi ordnar seg etterkvart som han blir vand med det :)
Så no får vi testa symaskinkunnskapane mine :)
Så i dag har eg vore å handla inn stoff og borrelås - og avtalt lån av symaskin med mamma. Så no skal eg gjere noko eg ikkje har gjort på 15 år - sy med symaskin!
Dette skal bli til ja og nei armband
Og dette skal bli til vesker til i-pad og mobilen som Oskar har fått av oss ;) Ja, han har blitt den lykkelige eigar av avanserte tekniske duppedittar i ein alder av 2 år! MEN : mobilen skal brukast til at ein kan ta bilder i barnehagen og heime for å laste over på i-pad slik at Oskar kan få fortelle med bilder kva han har gjort på - og den skal brukast for at assistentane til Oskar alltid skal kunne få tak i oss om det skulle vere noko. I-paden skal også brukast for å stimulere Oskar til å bruke hendene sine meir ved å laste app-ar som han syns er kjekke. Dette har vi allereie testa ut ilag med Anne-Merethe frå Statped, og Oskar blir så ivrig at alt går i kryss - men det håpar vi ordnar seg etterkvart som han blir vand med det :)
Så no får vi testa symaskinkunnskapane mine :)
søndag 25. september 2011
Helga er snart over
Det har vore ei innhaldsrik helg med Ørstatur og bursdagsselskap - men eg gøymde selvfølgelig igjen fotoapparatet ;) Vi hadde med den eine assistenten til Oskar, Sofia, på tur og det var ei heilt ny verd....for første gang på lenge kunne eg faktisk sitte framme i bilen og ikkje bak.... Det var godt å ha eit par ekstra hender på turen :) Både Sølvi og Sofia (som er dei nye assistentane til Oskar) er kjempeflinke og vi er veldig takknemmelige for å ha dei i livet til Oskaren vår.
Ørstaturen var først og fremst for å få henta badestolen til Oskar som vi gløymde igjen på Hamar... Pakkinga gjekk litt fort for seg når vi reiste heim - og badestolen stod igjen på badet på PTØ-senteret. MEN - ein kjempekjekk pappa tok med seg stolen heim - og i helga rakk vi å hente den. Det var stor stas for Oskar å få bade skikkelig igjen :)))
I dag har vi tatt livet med ro og slappa av her heime - Oskar har vore kjempeflink til å sitte i stolen sin i dag, både når han fekk graut og ei god stund etterpå når han leika med anda si.

Litt skeiv i kroppen, men i godt humør ;) Han prøver å få handa fram til brytaren
slik at anda kan lage lyd og gå....
Uskarpt bilde, men her er brytaren og anda som er ute på tur ;) Kjekt for Oskar å kunne leike "sjølv" i staden for å få hjelp til alt! Meistring er minst like viktig for han som for andre 2åringar...
I morgon startar ei ny veke med barnehage og på onsdag skal Oskar til tannpleier for første gang - vi har bedt om at han får starte tidligare fordi han er "knappegut" og derfor treng tettare oppfølging. Det blir spennande - og neste veke er det ny tur til Haukeland og MR for Oskar, så det går stort sett i ett.... Men det er vi vande med ;)
Ønske alle ei riktig god veke <3
mandag 19. september 2011
Kjekkaste tante Jeanette og Libero
I dag kom tante Jeanette (systa mi) på besøk med overraskelse til Oskar, og gjett om vi vart overraska!!! Ho jobbar for blant anna Libero og hadde tatt kontakt med dei, gitt dei linken til Oskar sin blogg og spurt om dei kunne lage til ein pakke til Oskar :) Og det fekk vi - ein kjempestor pakke med alt mulig Liberoutstyr nedi og ikkje minst : 24 PAKKA MED BLEIER! Vi vart kjempeglade :)))) Tusen tusen takk til både Jeanette og Libero, trur ikkje vi trenge å handle meir slikt utstyr før etter nyttår i alle fall ;)
Her var det masse kjekt - han blir bra rein og fin no prinsen vår :)
Sammenlegbart badekar følgte også med! Dette skal bli kjekt å ta med i campingvogna :)
Og det kjekkaste av alt er at det faktisk er Liberoprodukt vi brukar til vanlig - så det er berre morro å kunne få reklamere litt for dei her i bloggen! Tusen tusen takk ein gang til :)
søndag 18. september 2011
Fotballcup og krabbefisking
Etter ei hektisk veke har vi helga kosa oss på fotballcup og storegutane har fiska krabbe ilag med pappa-en. Ulrik har vore med på cup for første gang - og storkosa seg på bana og som keeper....så det blir nok ikkje siste cup-en :)
Heia storebror!!!!
Dette var kjekt :)
Skvaøypoll idrettslag - KOS 04 laget er Ulrik med på
Keeper fekk han også vere
Krabben fekk teikne....og mamma skal ete den ;)
Stilig!!!
Så no er vi klar for ei ny veke ilag med dei kjekke assistentane som han har fått <3
lørdag 10. september 2011
Open friluftsdag med speidaren på Raudeberg
Tøffe storebror Emil har overnatta ute på haik i gapahuk ilag med speidartroppen i natt og i dag har vi vore ein tur ut på friluftsdag ilag med dei, kjekt for gutane.
Ulrik og pappa på kanotur
Her har Emil sove i natt ;)
Emil skal "kaste" meg på vatnet ;)
HJELP!!!
Ulrik lure på kor langt ut han kan gå før vatnet går over støvlane ;) Testen enda selvfølgelig med våte støvlar....
Takk til speidaren for nokre kjekke timar - dei vaksne der er virkelig flinke til å ta seg av ungane og gi dei positive opplevingar!
fredag 9. september 2011
Ut på tur med Moon Buggy vogna
Vi tjuvlånte kjøkkenet til naboguten ;)
Kjekt å leike med vatn <3
Sjå kor fin vogn eg har fått!!!
Hmm - skal tru ka du tenke på? Prinsen til mamma <3
torsdag 8. september 2011
Hmmm....ny vogn igjen....
Her tidligare var eg kjempeoptimistisk fordi eg hadde funne ei joggevogn til Oskar og gleda meg til å trille tur med den.... Vogna kom i begynnelsen av august og er sikkert heilt super til ein del andre barn, men for Oskar vart det for lite støtte i den og han syns ikkje noko særlig om å sitte vendt vekk frå mamma på trilletur.... For ein liten prins som ikkje har språk og brukar augene til å kommunisere med - vart det for vanskelig å ikkje sjå den som trillar når vi var ute..... Og at Oskar skal vere trygg og kunne klare å kommunisere er veldig viktig for oss! Og å finne dei rette hjelpemidla kan vere ein kronglete vei - men verdt å bruke tid på!
Så då var det å ta kontakt med hjelpemiddelsentralen og vår fantastiske kontaktperson der som ordna ut i ei fart! Det er fantastisk når systemet fungerer så bra :) Han hadde eit forslag om ei Moon Buggy vogn som også er ei joggevogn - men den har meir støtte og kan snuast begge vegar - slik at Oskar kan sjå oss! Og for å gjere det enkelt for oss berre bestilte han den - slik at vi kunne ha begge vognene på utprøving og sende inn igjen den vogna vi ikkje ville ha! For ein service!!!
Medan vi var på Hamar kom vogna heim til oss - og i dag har vi vore på vår første trilletur med den. For ei fryd! For ei utrulig god vogn! Oskar satt så fint og rett i ryggen og kosa seg gjennom den timen vi var ute - høyrte ikkje noke sutring fordi han var lei - ikkje såg oss eller satt vondt ;)))) Og i tillegg var den KJEMPEGOD å trille - sjølve vogna er litt tung, men den har svingbart forhjul og er som ein draum å trille.
Denne vogna skal vi kose oss masse ute med Oskar og det skal bli ei fryd å trille tur med ei vogn som ein ikkje er utslitt av å trille etter ein liten tur ;) Og no skal det søkast om samme vogna til barnehagen slik at det blir lettare å trille tur der også.
Eg har ikkje fått tatt bilde av Oskar i vogna endå - men det kjeme nok etterkvart. Her er bilde frå nettsida til Medema som forhandlar vogna.

Vi har snudd vogna den andre vegen slik at Oskar kan sjå oss - og det var gjort på 10 sekund ;)
søndag 4. september 2011
Snart klar for siste treningsveke på Hamar
I mårgå startar vi på den siste treningsveka her på PTØ-senteret for denne gang - egentlig har desse to vekene til no gått ganske fort og Oskar har stort sett vore flink på treningane (selvfølgelig har det vore ein del protestar, men noko anna kan ein vel nesten ikkje rekne med av ein 2åring). Treningane med pedagogen gjekk kjempefint og vi er no klar for oppstart av eit komprimert treningsopplegg i barnehagen når vi kjeme heim - det skal bli kjekt! Torsdag var ein ganske pyton dag for både meg og Oskar, med masse skriking på treninga og ein ganske hektisk dag ellers - men heldigvis gjekk det betre på fredagen og Oskar imponerte stort! Han klarte å slå på ballongen sjølv fleire gangar medan han satt i "indianarstilling" med føtene - trur at både eg og habiliteringspedagogen sperra augene godt opp ;) Kjempekjekt å sjå at han kan klare sjølv om han får tid og klarer å slappe av - det er ikkje gitt at han vil klare det neste gang...men alt som er positivt tar vi vare på å gøymer det godt inn i hjertet til ein dårlig dag! Han laga også fjeset sitt på ein papptallerken....trur ikkje det var sjølve aktiviteten han vart mest fasinert av - men det var kjempekjekt å krølle silkepapir! Resultatet vart slik (og eg skulle ønske at alt var skakt og skeivt slik det bør vere med ein 2åring, men Oskar treng så masse hjelp - at det vart vanskelig å la han styre limen sjølv - men han har krølla ALT silkepapiret sjølv!!!!)
Jammen er eg flink til å krølle silkepapir!
Skulle selvfølgelig ha tatt masse bilde av Oskar når han var så flink, men det vart vanskelig å skulle ta bilde og hjelpe Oskar samtidig...så då var ikkje prioriteringa så vanskelig, Oskar måtte selvfølgelig få hjelp! og fotograferinga fekk berre vere til ein gang når eg har fleire hender ;)
Etter ei hard treningsøkt er det deilig å slappe av litt med Playhouse Disney!
Og eit bad er også godt for stive musklar - her er vi så heldige at vi har hev/senk stellebord - det skal jammen bli kjekt den dagen vi har det heime også...Oskar har snart vokse ut av stellebordet sitt ;)
På lørdagskvelden kom pappa-en til Oskar også - kjempekjekt å vere ilag igjen etter at han har vore heime ei veke - og deilig å søve lenge på søndagsmorgenen for ei litt slita mamma.... Oskar smilte frå øyre til øyre når han fekk sjå pappa-en igjen. Trur nok det blir stor stas å sjå brorane igjen på fredag!!! Han har "snakka" nokre gangar med dei i telefonen og enten sutra han noke voldsomt eller så smile han veldig...
I dag har vi vore på søndagstur til Skafferiet - en perfekt plass for ei litt interiørgala dame ;) Og gode kaker hadde dei også - kjempekoselig plass.
Vakkert!
Ut på tur aldri sur!!! (Liksom...var nok heldig som klarte å fange dette øyeblikket - men det er øyeblikka vi lever for! Det går betre enn før å køyre bil, men det er vel ikkje akkurat favorittaktiviteten til Oskar)
Ha ein deilig søndagskveld! Klem frå oss <3
Abonner på:
Innlegg (Atom)