søndag 31. juli 2011

Tumbleform-stol

Ein av dei utfordringane vi har hatt i forhold til Oskar er å klare å få han til å sitte i noko....Han har som oftast vore kjempesint når vi har plassert han i sitzi-stolen som han har ved bordet, men det ser no ut som han aksepterar det mykje betre enn tidligare. Dette er noko som har forandra seg etter at vi har vore på PTØ-trening! Heldigvis. No kan Oskar sitte ilag med oss under mesteparten av måltidet og smake på litt mat eller drikke saft - ein av dei tinga som gjer at vi føler at vi kan fungere som ei familie.

Han har no fått seg tumbleform-stol også. Vi såg fleire som hadde denne stolen når vi var på PTØ-senteret og tenkte fort at det var noko vi hadde lyst til å prøve med Oskar også. No har vi berre hatt stolen eit par dagar, men ser allereie at det fungerar bra. Denne kan han bruke på golvet når han skal leike, sitte i når han ser på tv (den kan til og med settast i sofaen, so han kan sitte ilag med oss) - vi kan ta den med oss ut og bruke den i sandkassa eller på stranda. Ein stor fordel er at den ikkje veg så mykje slik at vi kan bære den med oss eller ta den i bilen - og den kan lett tørkast av.

Kikka litt på fotografen innimellom tv-kikkinga, litt småstressa etter å ha tilbrakt litt tid i stolen - men ikkje so stressa som mamma hadde rekna med at eg skulle bli ;) Gleda meg til papsen får ordna sandkassa slik at vi kan ta den med ut når eg skal leike i den! (hint-hint)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)