onsdag 27. juli 2011

Sommarferien 2011

16.juli, på bursdagen til Oskar reiste vi på ferie - vi har hatt nesten heilt datafri medan vi har vore vekke - og det har i grunnen vore ganske deilig... Men eg må selvfølgelig fortelle litt frå turen vår ;) Etter å ha pakka i campingvogna i fleire dagar og med forskjellige hinder på vegen, kom vi oss omsider avgårde på tur.

Det er ein del som må vere med når vi skal ha med Oskar på tur av både utstyr, mat, medisinar mm - men vi opplevde det som mykje enklare å vere på med campingvogn enn når vi nokre få gangar har overnatta på hotell når vi har vore på behandling med Oskar. No hadde vi alt lett tilgjengelig og kunne stoppe når det passa oss med ein plass der vi kunne lage til mat, gi mat i sonde og skifte bleier. Eg er i grunnen heilt imponert over framgangen Oskar har i forhold til å kunne sitte i bilsetet - frå å skrike konstant når han vi har køyrt på tur - klarer han no å vere rolig i lengre perioder medan vi køyrer....og eg trur det har noko med PTØ-treninga å gjere. Før har eg måtta halde haudet hans på plass store delar av turen (det vil seie så lenge han ikkje sov) medan han no klarer å ta opp att haudet sitt sjølv når det fell framover. Han kan ikkje holde haudet sitt så godt ellers, men med den støtta bilstolen gir klarer han seg mykje betre! Det kan nok virke som ein liten ting for andre, men for oss er dette stort! Og det gjer reising mykje lettare... Vi reiser så pass mykje med Oskar at det er mykje enklare når han ikkje blir superstressa så fort han kjem inn i bilen.

Vi har køyrt langt - heilt til Lidkjøping i Sverige - og det har faktisk gått bra :) Sjølv om campinglivet er hektisk, vil det nok vere den måten vi kjem oss på ferie dei nærmaste åra - i alle fall så lenge vi klarer å løfte Oskar inn og ut av campingvogna.


Leik i senga til storebror Emil - eg er veldig glad i hunden som eg fekk med Ann-Iren og Stig til bursdagen, den er kjempefin!

Eg ser på medan brorane, pappa og Johan spelar minigolf - kjempekjekt (eg trur dei brukar vel mange slag før dei klarer å treffe ;))

Eg og fadder/søskenbarn Johan som var med oss ei veke av ferien i Sverige.

Sonding fungerar fint i campingvogn også

Vi var ein tur på Skara sommarland og Oskar holdt ut i heile 8! timar ilag med oss. Han var stort sett fornøgd og syns det var spennande å følge med på alle rundt seg. Skara sommarland er veldig fint for småbarnsforeldre fordi der er så pass god plass at ein ikkje føler at ein står i "stampe" heile tida. Eg var heilt imponert over Oskar og brorane denne dagen - hadde aldri trudd at det skulle gå så pass bra.... Å reise på ferie er ein normal ting som vi alltid har gjort ilag med gutane våre og som dei gledar seg til kvart år, det er no tre år sidan sist på grunn av at Oskar vart fødd og fordi han var så dårlig i fjor sommar. Det var derfor deilig å kjenne at det var noko som vi klarte å gjennomføre sjølv om det var hektisk til tider....

Is smakar i grunnen ganske rart og er forferdelig kaldt....melkeprodukt er eigentlig noke eg ikkje kan ete utan av mamma veg det opp, men ein liten smak er lov ;)

Storekarane passar godt på!


Storebror Ulrik er ein racer på gokartbana!

Avslapning på armen til mamma etter ein laaaang dag

Krabbefiske i Uddevalla

Nyklippt motorsyklist ;)


Norsk veimuseum på Lillehammer - Ulrik og tante Linda testar ut med spesialbriller kva som skjer dersom ein skal gå på strek med 1,2 i promille....det vart ganske skeiv gange....


Presening og gaffateip kan vere ei grei ordning til eit alternativt fortelt for ei natt ;)


Tantefante Linda er grillsjef den siste kvelden på camping

Etter dei grusomme terrorhandlingane i Oslo og på Utøya valgte vi å ta med oss Linda (minstesystå) og sette kursen heimover - både store og små syns det var godt å komme heim til vesle Almenningen etter at dette skjedde - det føltest ikkje rett å vere på ferie lenger. Vi satsar på ein liten tur med campingvogna i august ilag med alle gutane før vi skal på nytt treningsopphold på Hamar.

I dag har vi sagt hadet til Linda som reiser til New Zealand igjen på fredag, det er like vondt kvar gang ho reise - men plutselig er du heime igjen minstesystå og tante - Oskar og tantefante vart gode vennar på campingturen! Vi kjem til å savne deg ufattelig mykje og er kjempegla i deg, men gledar oss til våren når du kjem heim på besøk igjen!



2 kommentarer:

  1. Kjekt at ferien gikk så bra:)) Det er godt når ting fungerer. Ha en fortsatt fin sommer. Klem fra Birthe og Martin:)

    SvarSlett
  2. E soo glad for at dokke fikk en kjempesuper ferie,masse kjekke bilder og lesing,he tenkt på dokke. Klemma frå Syvde:))

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)