fredag 1. juli 2011

Hjelpsomme storebrora og småsyste



Mellomste luringen i huset er ein gut med mykje futt og fart - vi har alltid sagt at det er ingen som kan bli så sint som Ulrik, men heller ingen som er så glad som han ;) Og han er veeeeldig omsorgsfull overfor   Oskar.



Kjekt å sjå på broren min :)


"Tvangskos" ;)


Eg sitte faktisk i stolen min og føtene er nede!!!

Størstemann Emil er ein typisk storebror som viser mykje omsorg og glede i å vere ilag med minstemann. Han passar på, bærer og leikar ilag med lisjebroren.


Kjekke store - storebror!!!

No har dei to største sommarferie og er uendeleg tolmodige i forhold til at mamma ikkje rekk å gjere alt ilag med dei som ho skulle ønske at ho gjorde... Dei er stort sett fornøgde om dei har kompisar på besøk og kan vere ilag med dei. No er ikkje veiret det beste heller, men eg skulle ønske at eg hadde tid, overskudd og anledning til å gjere meir ilag med dei... Det er viktig for oss at gutane får vere gutar og ikkje har så mykje ansvar for Oskar - når dei er ilag med Oskar skal det vere fordi dei har lyst og ikkje fordi dei må - då trur eg dei vil få eit godt forhold i framtida også!

MEN som eg har sagt tidligare så har eg 2 fantastiske syste som stille opp!!! Denne helga skal dei ta med seg gutane, dei 4 søskenbarna deira og 2 til barn på campingtur til Runde... Det vil seie 2 voksne, 8 barn, 3 telt og 10 soveposar, liggeunderlag & puter!!! Det står det respekt av - og det beste av alt : DEI GJER DET MED GLEDE <3 <3 <3 Hadde dåkke to vist kor glade eg er i dåkke!!! Gutane gledar seg og eg unner dei følelsen av ferie :)

Her er eg og systene i bryllup forrige helg - håpe dei tilgir meg for at eg har lagt ut bilde her (men dåkke e mykje meir fotogene enn meg - so det satsa eg på)

1 kommentar:

  1. Tanta e ferdigpakka her:)Håpe dei ikkje bles vekk,men trur dei får ein kjekke tur.Syns dokke e bra fotogene alle tre<3

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)