fredag 15. juli 2011

EIN HELT FYLLER 2 ÅR

16.juli 2009 vart ein liten helt født, klokka 22.23 på kvelden såg verdens vakraste Oskar dagens lys - og vi ante ingenting om kva utfordringar han skulle møte berre 8 månader seinare... Kven skulle tru at denne vesle vakre og snille guten hadde noke som ikkje var som det skulle? Dei første månadane gjekk som ein draum, han var rett nok ganske viljesterk og kunne vere irritabel til tider - men det var ingenting som vi kunne sjå som skulle tilseie at noko var alvorleg gale.

Dei siste 16 månadane har vore ein del av vårt værste mareritt, men på ein underleg måte lagar det seg ein kvardag som ein kan leve med. Det er tøft dei dagane Oskar ikkje har det bra og himmelrik dei dagane han har det bra. Eg har ikkje skreve so mykje om dei dårlige dagane fordi vi velg å sjå forbi dei og alltid tenke at det blir ein betre dag i morgon, men dei er der allikavel. I dag skal vi feire at Oskar har vore her ilag med oss i 2 heile år! Vi er glad for kvar einaste dag av dei to åra og håpar at vi skal få feire mange fleire slike merkedagar! Livet blir så utruleg verdifullt når ein veit kor skjørt det er...og ein set so mykje meir pris øyeblikka det gir oss.





Men det er det ikkje rom for å tenke meir på det i dag - i dag gledar vi oss over at han er her ilag med oss og at han med ein viljestyrke uten sidestykke kjempar seg gjennom dagane. Eg hadde forstått om du ga opp Oskar, men eg er så uendelig takknemmeleg for at du ikkje gjer det! Du er ilag med brorane dine det vakraste trekløveret eg som mamma kan tenke meg. Eg trur at vi ilag kan klare alt vi vil - og den trua har eg tenkt å leve etter!

I dag skal vi reise på ferie - så det blir ikkje så mykje bursdagsfeiring på dagen din - men vi skal kose oss ilag i to veker på tur og gledar oss til det. Det blir spennande å sjå om du likar å vere på tur i campingvogn og korleis det vil fungere - vi satsar på at det blir kjekt. Om det er opp til meg skal det ikkje bli ei einaste blodrpøve eller intravenøs på deg desse to vekene Oskar - det kryssar vi fingrane for <3



GRATULERER MED DAGEN HELTEN VÅR VI ER SÅ UENDELEG GLA I DEG!


3 kommentarer:

  1. Gratulere så mykje med 2-årsdagen din,du vesle,store tøffingen vår.Du er vår store helt også.Du har kjempa mange kampar,og fleire vert det nok,men du har ein ståpåvilje som er heilt unik<3 Vi flaggar for deg og ønske deg ein strålande dag:)Håpe ferieturen vert ein fin opplevelse for alle 5.God tur.Klem frå besta og besten.

    SvarSlett
  2. Du e so flinke til å skrive Sissel! Håpe at dokke får ein flott og minnerik ferie, gler meg på dokka vegne over framgongen til Oskar !! Og ikkje minst gratulerer eg med 2-årsdagen - HIPP HURRA !

    Klem frå Anne Marthe T

    SvarSlett
  3. Gratulerer så mye med 2 års dagen til Oskar! ♥ ♥ Hipp Hipp Hurra!!!!

    Mange klemmer fra meg og Daniel ♥

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)