lørdag 21. april 2012

Ponny :)

Ein fordel, i tillegg til treninga selvfølgelig, når vi er her
på PTØ-senteret er at vi treff andre familier som er
i samme situasjon som oss sjølve - og vi lærer mykje
av kvarandre :) I går "tjuvlånte" eg og Oskar ein "Ponny"
frå etac som eit av dei andre barna som trenar her
har med seg ;) Vi har prøvd ein slik forrige gang vi var her
med eit anna barn - men den hadde ikkje så mykje støtte i som denne.



Hadde ingen store forhåpningar om at Oskar skulle klare
å bruke den, men det gjekk faktisk bedre enn
eg trudde - så kanskje ein slik kan vere aktuell
etterkvart?

Oskar er stiv i føttene her - men kunne kanskje ha klart
å bøye dei meir dersom han fekk bruke ein slik?
Han er ustabil i overkroppen -derfor lenar han seg
mot den eine sida slik at han blir meir stabil :)

Men han syns det var kjempekjekt og var ikkje heilt
blid på mamsen når eg tok han utav igjen ;)


Her har Oskar endelig begynt å bruke sandalane sine,
ein av trenarane her bemerka at sålen vart heilt feil for
Oskar slik dei var - så vi har fått ordna dei på Østo medan
vi er her allikavel - utrulig god service og jammen er dei
kjappe å fikse det også!

Så no håpar vi på ein time der neste veke slik at vi kan få tilpassa
eit par sandalar som er to nummer mindre og som passar
litt bedre og eit par med joggesko.

Oskar ville ikkje ta av seg sandalane igjen i går -
og hadde dei på fram til han skulle legge seg :)
Når eg spurte han om han skulle sove med dei så vart
smilet stort - men eit kompromiss vart at sandalane stod
på stellebordet og venta på han til han våkna igjen ;)
Det første Oskar kikka på når vi kom dit i dag tidlig
var SANDALANE - så dei fekk komme på i ein fei og guten
var veldig fornøgd :)))))

Ellers så ventar vi på papsen og skal nyte helga litt
før vi skal igang med den siste treningsveka :)

Reknar med at dei fleste skjønnar at det ikkje skjer mirakel
medan vi er her nede - men vi finn måtar å trene vidare på for
eksempel det å sitte på golvet. Kanskje kanskje kanskje
Oskar ein vakker dag kan klare det - men det er i så tilfelle
langt opp og fram - foreløpig treng han mykje hjelp for å få det til.
Det vi trenar mest på er å få betre haudekontroll og han har det siste
året blitt mykje flinkare til å snu haudet sitt frå side til side.

Alt som eventuellt skjer etterkvart er ein bonus for oss og
kvart vesle steg på veien (sjølv om det kanskje er berre vi som ser det)
er eit lite mirakel for oss :) Så får vi berre ta tida til hjelp.

Vi ser i alle fall at PTØ-opplæringa er til stor glede for Oskar -
og at han får oppleve meistring er veldig viktig!

Ha ei strålande helg vidare :)

Klem frå Sissel


4 kommentarer:

  1. Så triveleg å høyre;) Det er vanskeleg å vere borte så lenge, men når det skjer mirakel, er det verdt det. Ha det fnt siste veka også;)

    SvarSlett
  2. For oss som les ser det ut til å vere store framsteg hos Oscar.
    Det må vere fantastisk for både han og for dokke å få så god hjelp og gode tips som gir resultat.

    Syns det er herleg at han han har sterk vilje og vil bestemme sjøl. Det vil han få bruk for heile livet !

    Kos dokke i helga, og lukke til neste veke !

    klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Det er ofte fra andre i samme situasjon man får de beste tipsene, vi har opplevd det samme!
    Godt å ha noen som vet og vil hjelpe:)
    Håper dere har kosa dere sammen med papsen, og lykke til med siste treninsuka.

    Varm klem
    Hanne:)

    SvarSlett
  4. Så flink Oskar er ...kan skjønne at han ikke var særlig blid på deg når han ikke fikk bruke ponnyen lenger!
    Har sett igjennom noen innlegg, og for meg syns det å være framsteg hos den lille mannen...sitte selv blir han nok å klare etterhvert, det må iallefall være godt for dere at han gleder seg over treningsoppholdet.
    Kos dere på siste treningsuke.
    Klem fra Kristin

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)