mandag 2. april 2012

"Nytt" ASK-materiell

Eller det vil seie - heilt nytt er det ikkje,
det er ei stund sida eg laga det -
men har ikkje vist det til dåkke før ;)

Sist vi hadde besøk frå Statped Vest hadde
Anne-Merete med seg ei historiefortellarbok,
og vi var vel litt spent på om Oskar kom til
å skjønne denne enno - men det var ikkje
noko problem - han tok den ganske kjapt ;)


Her er boka - Oskar kan velge kven som skal vere
med i fortellinga - kva som skal skje og korleis dei hadde det.

Her er ei historie som Oskar laga ilag med den
eine assistenten i dag :



"Det var ein gang ein prins som møtte ein tryllekunstner
og så gjekk dei til ei bowlingbane, der dei leika gøymsel -
og det var hyggelig"

Ser at vi treng nokre fleire ord for å binde sammen
historia, så det må eg finne på boardmakeren ein dag.

Oskar syns dette er kjekt og det kan selvfølgelig
vidareutviklast til fleire valg, eller andre bøker og valg :)

Ho hadde også med ein lytteleik :



Der viste ho Oskar 4 ting som laga forskjellige
lydar nedi ei blikkboks - Oskar skulle via
augepeiketavla gjette kva lyd han høyrde -
og jammen gjetta han rett alle gangane untatt en!

Eg har laga fleire lytteleikar sjølv :




Her med ulike instrument - då kan Oskar gjette
kva instrument han høyrer

Og desse to :




Er "Kims leik", gøymer 4 ting under eit
teppe - tar vekk ein ting - og så skal Oskar gjette
kva som er vekk :)
Kjempekjekt!

Klem frå Sissel


3 kommentarer:

  1. Så kjekt det ser ut. Dere er flinke alle sammen.
    Klem fra spesialpedagogen.

    SvarSlett
  2. Kjempebra! Det er så flott at det finnes så mange fine hjelpemiddel, og mange kan man lage selv :)

    SvarSlett
  3. Veldig flott - tenk så fint at det endelig kan fortelles historier! Herlig!!
    Ønsker deg en fin dag!
    Klemmer, Marianne.

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)