onsdag 28. september 2011

Ja og nei

Det bør vere ein menneskerett å få lov til å seie ifrå om kva ein vil og ikkje vil - å få lov til å seie ja eller nei. Oskar har ikkje språk, men klarer godt å gi uttrykk for kva han vil og ikkje vil ved ansiktsmimikk og kroppsspråk :) Men no er tida inne for litt meir abstrakt læring. Så etter Statped var her i går vart vi enige om å lage ja og nei armband til han, slik at han kan seie "ja" eller "nei". Dette blir spennande ;)

Så i dag har eg vore å handla inn stoff og borrelås - og avtalt lån av symaskin med mamma. Så no skal eg gjere noko eg ikkje har gjort på 15 år - sy med symaskin!

Dette skal bli til ja og nei armband


Og dette skal bli til vesker til i-pad og mobilen som Oskar har fått av oss ;) Ja, han har blitt den lykkelige eigar av avanserte tekniske duppedittar i ein alder av 2 år! MEN : mobilen skal brukast til at ein kan ta bilder i barnehagen og heime for å laste over på i-pad slik at Oskar kan få fortelle med bilder kva han har gjort på - og den skal brukast for at assistentane til Oskar alltid skal kunne få tak i oss om det skulle vere noko. I-paden skal også brukast for å stimulere Oskar til å bruke hendene sine meir ved å laste app-ar som han syns er kjekke. Dette har vi allereie testa ut ilag med Anne-Merethe frå Statped, og Oskar blir så ivrig at alt går i kryss - men det håpar vi ordnar seg etterkvart som han blir vand med det :)

Så no får vi testa symaskinkunnskapane mine :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)