torsdag 8. september 2011

Hmmm....ny vogn igjen....

Her tidligare var eg kjempeoptimistisk fordi eg hadde funne ei joggevogn til Oskar og gleda meg til å trille tur med den.... Vogna kom i begynnelsen av august og er sikkert heilt super til ein del andre barn, men for Oskar vart det for lite støtte i den og han syns ikkje noko særlig om å sitte vendt vekk frå mamma på trilletur.... For ein liten prins som ikkje har språk og brukar augene til å kommunisere med - vart det for vanskelig å ikkje sjå den som trillar når vi var ute..... Og at Oskar skal vere trygg og kunne klare å kommunisere er veldig viktig for oss! Og å finne dei rette hjelpemidla kan vere ein kronglete vei - men verdt å bruke tid på!

Så då var det å ta kontakt med hjelpemiddelsentralen og vår fantastiske kontaktperson der som ordna ut i ei fart! Det er fantastisk når systemet fungerer så bra :) Han hadde eit forslag om ei Moon Buggy vogn som også er ei joggevogn - men den har meir støtte og kan snuast begge vegar - slik at Oskar kan sjå oss! Og for å gjere det enkelt for oss berre bestilte han den - slik at vi kunne ha begge vognene på utprøving og sende inn igjen den vogna vi ikkje ville ha! For ein service!!!

Medan vi var på Hamar kom vogna heim til oss - og i dag har vi vore på vår første trilletur med den. For ei fryd! For ei utrulig god vogn! Oskar satt så fint og rett i ryggen og kosa seg gjennom den timen vi var ute - høyrte ikkje noke sutring fordi han var lei - ikkje såg oss eller satt vondt ;)))) Og i tillegg var den KJEMPEGOD å trille - sjølve vogna er litt tung, men den har svingbart forhjul og er som ein draum å trille.

Denne vogna skal vi kose oss masse ute med Oskar og det skal bli ei fryd å trille tur med ei vogn som ein ikkje er utslitt av å trille etter ein liten tur ;) Og no skal det søkast om samme vogna til barnehagen slik at det blir lettare å trille tur der også.

Eg har ikkje fått tatt bilde av Oskar i vogna endå - men det kjeme nok etterkvart. Her er bilde frå nettsida til Medema som forhandlar vogna.

Vi har snudd vogna den andre vegen slik at Oskar kan sjå oss - og det var gjort på 10 sekund ;)

2 kommentarer:

  1. Kor kjekt at den var etter forventingane:)Besta gler seg til¨å prøvekøyre den:)

    SvarSlett
  2. Steik du altså, VOGNDILLA heter det der..haha :) Neida :) God støtte må man ha, og kjempe bra at dere endelig har funnet ei som står til forventningene! Viktig han sitter godt når man skal på tur! Vi har også sånn at du kan ha han begge veier. Jeg har også gode erfaringer med svingbare forhjul.

    Og kjempe bra service fra hjelpemiddelsentralen da :) Sånt roper vi HURRA for!! :)

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)