søndag 25. september 2011

Helga er snart over

Det har vore ei innhaldsrik helg med Ørstatur og bursdagsselskap - men eg gøymde selvfølgelig igjen fotoapparatet ;) Vi hadde med den eine assistenten til Oskar, Sofia, på tur og det var ei heilt ny verd....for første gang på lenge kunne eg faktisk sitte framme i bilen og ikkje bak.... Det var godt å ha eit par ekstra hender på turen :) Både Sølvi og Sofia (som er dei nye assistentane til Oskar) er kjempeflinke og vi er veldig takknemmelige for å ha dei i livet til Oskaren vår.

Ørstaturen var først og fremst for å få henta badestolen til Oskar som vi gløymde igjen på Hamar... Pakkinga gjekk litt fort for seg når vi reiste heim - og badestolen stod igjen på badet på PTØ-senteret. MEN - ein kjempekjekk pappa tok med seg stolen heim - og i helga rakk vi å hente den. Det var stor stas for Oskar å få bade skikkelig igjen :)))

I dag har vi tatt livet med ro og slappa av her heime - Oskar har vore kjempeflink til å sitte i stolen sin i dag, både når han fekk graut og ei god stund etterpå når han leika med anda si.

Litt skeiv i kroppen, men i godt humør ;) Han prøver å få handa fram til brytaren
slik at anda kan lage lyd og gå....

Uskarpt bilde, men her er brytaren og anda som er ute på tur ;) Kjekt for Oskar å kunne leike "sjølv" i staden for å få hjelp til alt! Meistring er minst like viktig for han som for andre 2åringar...

I morgon startar ei ny veke med barnehage og på onsdag skal Oskar til tannpleier for første gang - vi har bedt om at han får starte tidligare fordi han er "knappegut" og derfor treng tettare oppfølging. Det blir spennande - og neste veke er det ny tur til Haukeland og MR for Oskar, så det går stort sett i ett.... Men det er vi vande med ;)

Ønske alle ei riktig god veke <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)