søndag 19. juni 2011

Søndag, jernbanemuseet og besøk av bestemor & bestefar

I dag har vi hatt ein super dag ilag, starta litt dårlig med at Oskar spydde opp igjen frukosten pga refluksen sin, men etter ein litt rotete formiddag vart dagen berre bedre og bedre! Vi har vore på jernbanemuseet ilag med alle gutane våre, og det var veldig kjekt ;) Museum er faktisk eit veldig greit alternativ til fornøyelsesparkar og det er ti gangar roligare og kostar berre ein brøkdel av prisen. Oskar hadde også ein flott dag - mykje betre å vere slike plassar enn der det er mykje ståk og bråk... Etter vi kom tilbake til Petø-senteret kom bestemora og bestefaren på besøk til oss, dei er på vei til Frambu for å vere med på besteforeldrekurs - kjekt med slik engasjert familie!!!

Her er nokre bilder frå dagen i dag :

Det var jammen eit stort tog ;)

Ulrikbroren min er jammen flink til å køyre lokomotiv....

Kjempefint å trille tur på Jernbanemuseet

Ulrik matar hønene

Storebrorane på togtur - Ulrik syns det er stor stas, Emil vart lokka med og ser sånn passe engasjert ut ;)

Ulrik passar godt på meg <3

Eg og pappa kosar oss ilag

No er vi spenn klar for den siste treningsveka her nede og deretter gledar vi oss til å reise heim :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)