mandag 27. juni 2011

Heim - kjære heim

Jammen er det godt å vere heime igjen, både for store og små :) Kjenne at borte er bra, men heime best! Dårleg med blogging dei siste dagane...det har vore ei hektisk helg. Vi kom heim seint på fredag og eg var ferdig med å pakke ut klokka halv elleve, då var det berre å pakke på nytt og gjere seg klar til avreise tidleg laurdagsmorgon...men denne gangen var det ut på tur heilt åleine ilag med systene, svoger, mamma og pappa. Eg har vore i brylup! For første gang sidan Oskar vart fødd har eg vore vekke frå han i eit døgn....eller rettare sagt 29 timar! Men eg var ikkje bekymra for han, for Oskar har verdens flinkaste pappa og storebrora - dei var på Måløydagane medan mamsen kosa seg i bryllup.

Oskar slit mykje med spasmer, spesiellt i føtene...og vi håpar at botoxbehandling kan vere det rette for han etterkvart. Ikkje godt å vere liten gut når føtene står rett opp i kryss når han ligg på golvet og skal kose seg med litt tv-titting.... Du kan no prøve sjølv ;)


Ballettdansaren vår

Travelt!

Vridd i nakken....

Kos med Timmy-tid

Men han virkar til å vere glad for å vere heime i kjende omgivelsar og vi hadde gleda oss til barnehage dei neste tre vekene, men på grunn av vannkoppsmitte må vi ha hjelp heime i staden for...Vi har verdens beste pedagog som er her heime og trenar med Oskar - men det er ikkje alltid så enkelt å få til alt når vi er heime alle sammen. Gutane har ferie og er heime dei også - så derfor er det ganske fullt i huset - det skal bli deilig den dagen Oskar har eiga leilighet der slik hjelp kan ytast utan at alle treng å gå oppi kvarandre heile tida <3  Vi har valgt å la Oskar få vannkoppvaksine som vi skal på helsestasjonen å ordne i morgon. Den har vore i kjøleskapet sidan før jul, men på grunn av at Oskar har vore so masse sjuk i vinter og at vi ikkje kan risikere at han får feber når vi har andre avtaler - så har vi måtte utsatt det til no. No skal vi vere heime i et par - tre veker og har tid til litt feber og sos-regime om det skulle vere nødvendig. Og ikkje minst so er Oskar endelig frisk nok til å ta den! Det skal bli deilig å ikkje måtte bekymre seg for den sjukdommen lenger - tusen takk til den kreative og oppvakte helsesøstera til Oskar som kom på den løysinga :)

1 kommentar:

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)