onsdag 15. juni 2011

Morgenstund er tull i grunn...

Då er vi ferdig med dagens treningsøkt og ein hektisk morgen... Vi starta med friskt mot i dag tidlig klokka kvart på åtte og tenkte at vi for ein gangs skyld skulle ha god tid for å vere klar til trening klokka ni....hahaha....

Då eg skulle ta av Oskar bodyen for å få på han nye klede - kom jammen knappen på magen ut også... ;) Då hadde den tydeligvis fått eit hol og ballongen var tom for vatn! Dermed drog eg den ut samtidig som bodyen skulle av... Då va det berre å stappe inn igjen den som hadde dotte ut og springe på rommet for å hente en ny. Fekk heldigvis litt hjelp av ei kjekke mamma her :) So no he vi ingen reserveknapp før vi får ny levering frå behandlingshjelpemidler... Men det gjekk heldigvis bra! Takk og lov for at knappen ikkje hadde ramla ut iløpet av natta - for då kunne holet ha grodd igjen før vi hadde stått opp - og då tørr eg påstå at vi hadde hatt eit kjempestort problem...

Og som om det ikkje var nok so tok Oskar å spydde opp igjen all frukosten sin 5 minutt før treninga skulle begynne - utover seg sjølv, mora, bordet og golvet... So då vart det bad og fullt kleskifte, og han måtte selvfølgelig få frukosten på nytt. Men her har dei heldigvis folk som vaska - so vi slapp å ordne det også sjølve...då trur eg at eg måtte hatt eit par ekstra hender. Det kjem vel ikkje som noko sjokk for dåkke at vi vart "litt" for seine på treninga ;) Når treninga endelig skulle begynne var Oskar trøtt av dagens strabaser allereie - og det var vel ikkje det beste utgangspunktet for ei hard treningsøkt... Men vi kom oss gjennom den! I dag har han til og med hatt ein liten halvtime åleine ilag med habiliteringspedagogane og i kveld kjem fysioterapeuten vår og skal vere her eit par dagar - det gledar vi oss til!

I ettermiddag har vi vore på kjekk trilletur ilag med Kathrin og Anders medan Oskar sov middag - og no gledar mamma seg i alle fall til kvelden kjeme so det blir soving på både mor og barn ;)



 Her er bilder frå trilleturen på mandags ettermiddag ilag med ei anna mamma og jente som er her, vi fant oss en barnehage med ein kul "Fred Flintstone" bil som vi berre måtte prøve ;) 

2 kommentarer:

  1. Dåkke kavar på dåkke vennane...savner dåkke her heime i nabolaget,det er så stille uten dåkke.Masse lykke til vidare på Hamar,uten forhåpentligvis so tullete morgonar som ditta... Mange klemmar frå gule huset.. <3

    SvarSlett
  2. Litt av ein morgon dokke har hatt,men satsar på at dokke får dokke ei god natt`s søvn og ein bedre start i morgon.Håpe vi sjåast på søndag.Må sjå på reiserute når det nærmar seg.Må vel roe seg flaumen etterkvart.Klem til dokke to<3

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)