fredag 3. juni 2011

Ønskeliste

Ti ting eg skulle ønske at Oskar fekk gjere :
- grise med maten
- krabbe opp trappa
- stikke av frå oss
- seie mamma og pappa
- springe i duggvått gras
- kaste duploklossar på brorane
- lugge katten i pelsen
- rote i kjøkkenskuffene mine
- plukke blomterhaud av kvitveisen bak i skogen på våren
- søle vatn utover badegolvet mitt

Mange av desse tinga er slik som eg har rista på haudet over med mine andre to når dei har vore små og ikkje reflektert over kor stort slike ting er før eg har opplevd at Oskar ikkje klarer det... Men mange av dei kan eg gjere ilag med han og sørge for at han får gjort det allikavel!

2 kommentarer:

  1. Det var lista til Pål som har ALS som fekk meg til å tenke over dette - han hadde fått spm om kva han ville ha gjort om han fekk vere frisk i ein time... Verdt å tenke over for fleire....

    SvarSlett
  2. Ja,dette er sannelig til ettertanke.Men er sikker på at Oskar får prøvd desse tinga,på sin måte,med god hjelp:)Besta hjelper gjerne til<3

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)