onsdag 22. juni 2011

Nedtelling

No kjenne vi at det jammen skal bli godt å komme heim snart, vi savnar pusen, vennar, naboar og familie - og eg savnar senga mi ;) Vi har hatt lærerike veker her på PTØ-senteret og gledar oss til å ta med det vi har lært heim. Den siste veka har gått ganske fort etter at Odd og gutane kom ned, vi har vel ikkje vore so aktive på ettermiddagstid sidan Oskar vart sjuk...men her treng vi ikkje tenke på alt som skal gjerast med hus og heim i tillegg til det som skjer rundt Oskar. Gutane har kosa seg her og Ulrik syns vi kan vere ei stund til - trur nesten dei føle at det er litt ferie. Men det er berre 2 månader til vi skal hit igjen - egentlig godt å få to so tette treningsopphold no i starten til vi begynner å komme litt meir inn i alt.

Sjølv om bilda på bloggen stort sett har sett positive ut, so har Oskar ofte protestert villt mot å trene...Når han ikkje vil, so vil han ikkje.... Men vi må berre tenke at vi veit kva som er best for han - og dette er det vi har funne som kanskje kan hjelpe han i det lange løp. Framgangen vi ser er pitteliten, men vi registrerar at han kan klare å snu haudet sitt litt bedre i vogna og at han kan klare ting dersom han får tid nok til det. Men om andre klarer å sjå noko er eg heller usikker på. Men vi forventar ingen mirakel og tek alt som det kjem. Er det noko vi har lært av Oskar og hans sjukdom so er det at det er viktig å leve her og no - og ikkje bekymre seg so alt for mykje for morgendagen - for då trur eg kanskje ikkje at vi hadde overlevd dette...

Det har også vore veldig hektiske dagar med trening både for Oskar og oss to voksne, seint i seng etter nattmat og tidlig opp igjen for å vere klar til trening klokka 09.00. Den veka eg var åleine var vel den mest hektiske - eg åt havregryn kvar morgon for å rekke å ete og nudlar & fjordland til middag... Følte vel egentlig at eg mangla eit par hender ;) Søvnbehovet har vel ikkje akkurat vorte dekka dei siste vekene - men det føjer seg vel inn i ei lang periode sidan Oskar vart sjuk der i alle fall eg føler at eg gjerne kunne ha sove eit par veker i strekk før eg kunne ha sagt at eg var utkvild ;) Men sove kan eg og vi vel gjere ein vakker dag...

No gledar vi oss som sagt veldig til å komme heim til ein "normal" kvardag der Oskar skal gå litt i barnehage og rutinene forhåpentligvis kjem på plass igjen... Etter det er vi klar for ein liten ferietur der vi forhåpentligvis skal ha litt fri frå alt som heiter trening, behandling og sjukehus...

1 kommentar:

  1. Velkommen hjem, Sissel! Tenker det er godt å finne roa der hjemme nå, etter tre intensive uker! Det er vel vanlig å protestere på treninga nå i starten, det går seg nokk til etterhvert. Jeg gleder meg til å få høre litt mer detaljer om treningsopplegget og sånt på fjesboka :) Har savnet sene kvelder på chatten med deg ;) Klem ♥

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)