søndag 29. april 2012

"Våryr!"

Så utrulig deilig å komme heim til Vestlandet
som har vore bada i sol i dag :)))

Då blir ikkje livet bedre!

Oskar er i fin form og vi har kosa oss skikkelig
ute i dag :)


På "gårdsbesøk" ilag med bestekompisen og foreldra hans,
brorane og mamsen :) Oskar kunne sikkert ha vore her inne og
kosa med dette lammet i mange timar ;)


Ny disse frå bestemor og bestefar har komt på plass i
hagen vår :)


Og det var stor suksess :)))
Her låg Oskar å kosa seg leeeenge!
(skyggen er meg;))

Håpe alle som les bloggen har hatt ein
like fin vårdag som oss!

Og tusen hjertelig takk for alle fine
kommentarar som dåkke legg igjen her!
Dei er gull verdt :)))

Klem frå Sissel


onsdag 25. april 2012

Duplo :)

Som dei fleste andre barn så likar Oskar å
leike seg - og no har vi kosa oss med duplo ;)


Kjekt å bygge duplo ilag med mamma :)


Og veldig gøy å rote i duplokassa -
som var veldig bråkete!


Og ein liten blomsterleveranse til mamsen ;)

Men det kjekkaste av alt tok vi ikkje bilder av -
og det var å kaste duploklossane på golvet ;)

Slapp av - vi rydda opp igjen også ;)

No har vi tre treningsdagar igjen før vi skal sette oss
i bilen og suse heim til storebrorane!

Borte bra - men heime best!

Klem frå Sissel


mandag 23. april 2012

Tusen takk Ingebjørg :)

For ei stund sidan så oppdaga eg at ei av mine
venninner heimafrå er kjempeflink til å sy, og
lurte på om eg kunne få bestille ei bukse med
henne til Oskar :)

Her forrige veke hadde den komt i posten heime,
og då måtte selvfølgelig min kjære ta den med seg
ned hit - for eg var ganske spent på den ;)


Sjekk den kule buksa Ingebjørg har sydd til Oskar!
Rett og slett KNALLKUL :)



Og guten er veldig fornøgd også ;)))

Og når eg no ville ha kontonummeret - så fekk eg ikkje
betale for den ein gang..så eg må berre seie 1000 1000
TAKK til Ingebjørg for presangen Oskar fekk :)))

Klem frå Sissel


lørdag 21. april 2012

Ponny :)

Ein fordel, i tillegg til treninga selvfølgelig, når vi er her
på PTØ-senteret er at vi treff andre familier som er
i samme situasjon som oss sjølve - og vi lærer mykje
av kvarandre :) I går "tjuvlånte" eg og Oskar ein "Ponny"
frå etac som eit av dei andre barna som trenar her
har med seg ;) Vi har prøvd ein slik forrige gang vi var her
med eit anna barn - men den hadde ikkje så mykje støtte i som denne.



Hadde ingen store forhåpningar om at Oskar skulle klare
å bruke den, men det gjekk faktisk bedre enn
eg trudde - så kanskje ein slik kan vere aktuell
etterkvart?

Oskar er stiv i føttene her - men kunne kanskje ha klart
å bøye dei meir dersom han fekk bruke ein slik?
Han er ustabil i overkroppen -derfor lenar han seg
mot den eine sida slik at han blir meir stabil :)

Men han syns det var kjempekjekt og var ikkje heilt
blid på mamsen når eg tok han utav igjen ;)


Her har Oskar endelig begynt å bruke sandalane sine,
ein av trenarane her bemerka at sålen vart heilt feil for
Oskar slik dei var - så vi har fått ordna dei på Østo medan
vi er her allikavel - utrulig god service og jammen er dei
kjappe å fikse det også!

Så no håpar vi på ein time der neste veke slik at vi kan få tilpassa
eit par sandalar som er to nummer mindre og som passar
litt bedre og eit par med joggesko.

Oskar ville ikkje ta av seg sandalane igjen i går -
og hadde dei på fram til han skulle legge seg :)
Når eg spurte han om han skulle sove med dei så vart
smilet stort - men eit kompromiss vart at sandalane stod
på stellebordet og venta på han til han våkna igjen ;)
Det første Oskar kikka på når vi kom dit i dag tidlig
var SANDALANE - så dei fekk komme på i ein fei og guten
var veldig fornøgd :)))))

Ellers så ventar vi på papsen og skal nyte helga litt
før vi skal igang med den siste treningsveka :)

Reknar med at dei fleste skjønnar at det ikkje skjer mirakel
medan vi er her nede - men vi finn måtar å trene vidare på for
eksempel det å sitte på golvet. Kanskje kanskje kanskje
Oskar ein vakker dag kan klare det - men det er i så tilfelle
langt opp og fram - foreløpig treng han mykje hjelp for å få det til.
Det vi trenar mest på er å få betre haudekontroll og han har det siste
året blitt mykje flinkare til å snu haudet sitt frå side til side.

Alt som eventuellt skjer etterkvart er ein bonus for oss og
kvart vesle steg på veien (sjølv om det kanskje er berre vi som ser det)
er eit lite mirakel for oss :) Så får vi berre ta tida til hjelp.

Vi ser i alle fall at PTØ-opplæringa er til stor glede for Oskar -
og at han får oppleve meistring er veldig viktig!

Ha ei strålande helg vidare :)

Klem frå Sissel


onsdag 18. april 2012

Å klare å meistre

Noko av det som Oskar har størst glede
av er å kunne meistre ulike oppgåver -
og det legg dei stor vekt på her på PTØ-senteret.


Oskar sjekkar bilane han skal skubbe ned...

Det å kunne klare å (nesten) sitte åleine,
det å klare å skubbe ned bilar eller frukt,
det å kunne sitte på stol, halde ei skei eller ein
kopp i handa og føre den opp mot munnen for å
kunne ete eller drikke -
det gir stor meistringsglede!

Etter beinhard jobbing er det berre ein bil igjen!

Det som eg tidligare tok for gitt som mamma -
er no sjumilssteg for oss - og det gjer at eit
mammahjerte nesten flaumar over av glede for ein
tapper liten helt!


Full konsentrasjon for å skubbe maisen ned til dyra
på bondegården :)


Og her står bonden og dyra klar til å ta imot
maten! Oskar mata dyra med all frukta og
grønsakene heile tre gangar -
då var han heilt utslitt etter beinhard jobbing

I går når Oskar låg på golvet og vi spurte han om
han hadde vore flink til å trene - så sa Oskar
"JA!"
trur både eg og assistenten måpte litt...
har aldri høyrt han sagt det før -
han har ikkje sagt det etterpå, men når han har
klart det ein gang - så kan han kanskje klare
det fleire gangar også :)))


Så flink til å prøve å ta plastikkeplet!

Har hatt ein flott treningsdag i dag!

I mårgå kjem fysioterapeuten til Oskar hit og
skal vere med på trening ilag med assistenten til Oskar -
så då skal mamsen på shopping og kafebesøk ;)

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Sissel

mandag 16. april 2012

Oskar kan sitte (nesten) sjølv!

No er vi på nytt treningsopphold på Hamar -
og må innrømme at eg fekk meg ein liten
AHA-opplevelse ;)

Vi fekk sett korleis Oskar kan klare å sitte
(nesten) sjølv på golvet :)))
Og det måtte selvfølgelig prøvast igjen på
ettermiddagen slik at vi fekk tatt bilde av det ;)



Sjå for ein flinke gut!

Her sit han på huk med føttene bak seg og lenar
seg framover med armskinner på,
og når han sitter slik treng ein berre å støtte i
skuldrane (minst mulig) for at han skal sitte sjølv :)
Dette gir heilt nye muligheiter for leik på golvet for Oskar
og kompisane hans - så dette var både kjekt -
og ganske rørande for eit mammahjerte :)

Vi trenar vidare i mårgå!
Og gledar oss til det :)))

Klem frå Sissel


onsdag 11. april 2012

Lotto :)

I dag har eg hatt eine assistenten til Oskar på
besøk for nokre jobbetimar,
så ho har laga lottospel til Oskar som
skal brukast på "Snurra" hans :)

Resultatet vart slik :


Har brukt boardmakersymbol til korta
(så lærer han nye symbol også) -
og har brukt forskjellige fargar på spela
slik at det blir litt lettare å sortere dei ;)


Desse skal eg ta med meg på PTØ-senteret
på lørdag og spørre om nokon vil vere med
å spele lotto ilag med meg og Oskar ;)

Kjekt - sosialt - og lærerikt!

Her er saknet stort - men det minkar på dagane
til eg skal reise, og i mellomtida kosa eg meg ilag
med storebrorane :) Og når eg kjem dit veit eg
at eg kjem til å sakne dei...slik er det berre...
Best når vi kan vere ilag alle sammen :)



Sjekk denne skjønne sjarmisen ;)

Klem frå Sissel