søndag 18. september 2011

Fotballcup og krabbefisking

Etter ei hektisk veke har vi helga kosa oss på fotballcup og storegutane har fiska krabbe ilag med pappa-en. Ulrik har vore med på cup for første gang - og storkosa seg på bana og som keeper....så det blir nok ikkje siste cup-en :)


Heia storebror!!!!

Dette var kjekt :)

Skvaøypoll idrettslag - KOS 04 laget er Ulrik med på

Keeper fekk han også vere

Krabben fekk teikne....og mamma skal ete den ;)

Stilig!!!

Så no er vi klar for ei ny veke ilag med dei kjekke assistentane som han har fått <3

lørdag 10. september 2011

Open friluftsdag med speidaren på Raudeberg

Tøffe storebror Emil har overnatta ute på haik i gapahuk ilag med speidartroppen i natt og i dag har vi vore ein tur ut på friluftsdag ilag med dei, kjekt for gutane.

Ulrik og pappa på kanotur

Her har Emil sove i natt ;)

Emil skal "kaste" meg på vatnet ;)

HJELP!!!

Ulrik lure på kor langt ut han kan gå før vatnet går over støvlane ;) Testen enda selvfølgelig med våte støvlar....

Takk til speidaren for nokre kjekke timar - dei vaksne der er virkelig flinke til å ta seg av ungane og gi dei positive opplevingar!

fredag 9. september 2011

Ut på tur med Moon Buggy vogna

Vi tjuvlånte kjøkkenet til naboguten ;)


Kjekt å leike med vatn <3

Sjå kor fin vogn eg har fått!!!

Hmm - skal tru ka du tenke på? Prinsen til mamma <3


torsdag 8. september 2011

Hmmm....ny vogn igjen....

Her tidligare var eg kjempeoptimistisk fordi eg hadde funne ei joggevogn til Oskar og gleda meg til å trille tur med den.... Vogna kom i begynnelsen av august og er sikkert heilt super til ein del andre barn, men for Oskar vart det for lite støtte i den og han syns ikkje noko særlig om å sitte vendt vekk frå mamma på trilletur.... For ein liten prins som ikkje har språk og brukar augene til å kommunisere med - vart det for vanskelig å ikkje sjå den som trillar når vi var ute..... Og at Oskar skal vere trygg og kunne klare å kommunisere er veldig viktig for oss! Og å finne dei rette hjelpemidla kan vere ein kronglete vei - men verdt å bruke tid på!

Så då var det å ta kontakt med hjelpemiddelsentralen og vår fantastiske kontaktperson der som ordna ut i ei fart! Det er fantastisk når systemet fungerer så bra :) Han hadde eit forslag om ei Moon Buggy vogn som også er ei joggevogn - men den har meir støtte og kan snuast begge vegar - slik at Oskar kan sjå oss! Og for å gjere det enkelt for oss berre bestilte han den - slik at vi kunne ha begge vognene på utprøving og sende inn igjen den vogna vi ikkje ville ha! For ein service!!!

Medan vi var på Hamar kom vogna heim til oss - og i dag har vi vore på vår første trilletur med den. For ei fryd! For ei utrulig god vogn! Oskar satt så fint og rett i ryggen og kosa seg gjennom den timen vi var ute - høyrte ikkje noke sutring fordi han var lei - ikkje såg oss eller satt vondt ;)))) Og i tillegg var den KJEMPEGOD å trille - sjølve vogna er litt tung, men den har svingbart forhjul og er som ein draum å trille.

Denne vogna skal vi kose oss masse ute med Oskar og det skal bli ei fryd å trille tur med ei vogn som ein ikkje er utslitt av å trille etter ein liten tur ;) Og no skal det søkast om samme vogna til barnehagen slik at det blir lettare å trille tur der også.

Eg har ikkje fått tatt bilde av Oskar i vogna endå - men det kjeme nok etterkvart. Her er bilde frå nettsida til Medema som forhandlar vogna.

Vi har snudd vogna den andre vegen slik at Oskar kan sjå oss - og det var gjort på 10 sekund ;)

søndag 4. september 2011

Snart klar for siste treningsveke på Hamar

I mårgå startar vi på den siste treningsveka her på PTØ-senteret for denne gang - egentlig har desse to vekene til no gått ganske fort og Oskar har stort sett vore flink på treningane (selvfølgelig har det vore ein del protestar, men noko anna kan ein vel nesten ikkje rekne med av ein 2åring). Treningane med pedagogen gjekk kjempefint og vi er no klar for oppstart av eit komprimert treningsopplegg i barnehagen når vi kjeme heim - det skal bli kjekt! Torsdag var ein ganske pyton dag for både meg og Oskar, med masse skriking på treninga og ein ganske hektisk dag ellers - men heldigvis gjekk det betre på fredagen og Oskar imponerte stort! Han klarte å slå på ballongen sjølv fleire gangar medan han satt i "indianarstilling" med føtene - trur at både eg og habiliteringspedagogen sperra augene godt opp ;) Kjempekjekt å sjå at han kan klare sjølv om han får tid og klarer å slappe av - det er ikkje gitt at han vil klare det neste gang...men alt som er positivt tar vi vare på å gøymer det godt inn i hjertet til ein dårlig dag! Han laga også fjeset sitt på ein papptallerken....trur ikkje det var sjølve aktiviteten han vart mest fasinert av - men det var kjempekjekt å krølle silkepapir! Resultatet vart slik (og eg skulle ønske at alt var skakt og skeivt slik det bør vere med ein 2åring, men Oskar treng så masse hjelp - at det vart vanskelig å la han styre limen sjølv - men han har krølla ALT silkepapiret sjølv!!!!)

Jammen er eg flink til å krølle silkepapir!

Skulle selvfølgelig ha tatt masse bilde av Oskar når han var så flink, men det vart vanskelig å skulle ta bilde og hjelpe Oskar samtidig...så då var ikkje prioriteringa så vanskelig, Oskar måtte selvfølgelig få hjelp! og fotograferinga fekk berre vere til ein gang når eg har fleire hender ;)

Etter ei hard treningsøkt er det deilig å slappe av litt med Playhouse Disney!

Og eit bad er også godt for stive musklar - her er vi så heldige at vi har hev/senk stellebord - det skal jammen bli kjekt den dagen vi har det heime også...Oskar har snart vokse ut av stellebordet sitt ;)

På lørdagskvelden kom pappa-en til Oskar også - kjempekjekt å vere ilag igjen etter at han har vore heime ei veke - og deilig å søve lenge på søndagsmorgenen for ei litt slita mamma.... Oskar smilte frå øyre til øyre når han fekk sjå pappa-en igjen. Trur nok det blir stor stas å sjå brorane igjen på fredag!!! Han har "snakka" nokre gangar med dei i telefonen og enten sutra han noke voldsomt eller så smile han veldig...

I dag har vi vore på søndagstur til Skafferiet - en perfekt plass for ei litt interiørgala dame ;) Og gode kaker hadde dei også - kjempekoselig plass.

Vakkert!

Ut på tur aldri sur!!! (Liksom...var nok heldig som klarte å fange dette øyeblikket - men det er øyeblikka vi lever for! Det går betre enn før å køyre bil, men det er vel ikkje akkurat favorittaktiviteten til Oskar)

Ha ein deilig søndagskveld! Klem frå oss <3

onsdag 31. august 2011

Krabat Pirat

I går kveld var vi (eg, Oskar og Therese) ein tur til Ankerskogen svømmehall. Der har dei varmtvannsbasseng - noko som er veldig bra for Oskar sin stive musklatur. Sist vi var her på PTØ-senteret fekk vi besøk frå eit firma som heiter Krabat - og fekk bestillt eit hjelpemiddel til Oskar som heiter Krabat Pirat ;) Denne hadde vi tenkt at vi skulle teste ut i sommar når vi var på ferie, men fordi Ulrik vart sjuk - vart det ingen bading på tur..... Men no fekk vi endelig testa det ut ;) Og ved siden av badestolen som Oskar brukar i badekaret - så må dette vere det mest geniale hjelpemiddelet eg har fått til Oskar!!! Han storkosa seg i bassenget - og hadde heilt tydelig glede av å få klare seg sjølv uten å vere opp i hendene til mamma heile tida :)))) Meistring er topp!!!

Deilig med varmt vatn! Faktisk så varmt at linsa på fotoapparatet dogga ;)

Krabat Pirat består av tre flyteelement som er plassert i ein trekant slik at det blir heilt stabilt - og eit brett i midten som Oskar er festa fast på.

Slappe av.......

Deilig!!!!

Therese var også med :)

Prinsen til mamma <3

Når vi kjem heim skal Oskar starte opp med bassengtrening ein gang i veka - og det trur eg kjem til å bli kjempekjekt no som vi har funne eit hjelpemiddel som fungerar - denne kan anbefalast på det sterkaste for dei som treng det ;)

tirsdag 30. august 2011

Brev frå bestevennen

Oskar er så heldig at han har ein bestaste bestevenn - Sondre! Det er viktig for alle å ha vennar, man kanskje litt ekstra viktig i ein sånn situasjon som Oskar er i. Han er har mange vennar og virkar til å vere godt likt i barneflokken både i barnehagen og heime i byggefeltet, men Sondre er bestevennen og står nedom veien og ropar på han - og er kjapp til å komme på besøk når anledninga byr seg ;) Eg som mamma er veldig gla for at Oskar har han og at dei bur så nær oss som dei gjer.

I dag fekk Oskar post frå bestisen, det kom i spesialleveranse med pedagogen til Oskar som kom ned hit for å vere med på treninga hans - og gjett om Oskar vart gla :)))) Og mora vart aldri som lite rørt....

Spennande :)

Ein kan no bli gla av mykje mindre enn dette.....

Tenk kor kjekt vi skal ha det ilag når eg kjeme heim Sondre!

Sondre har laga ein fin teikning til meg :)

Gledar meg til eg kjeme heim til Jesper, Milla og Sondre <3

Tusen tusen takk for brevet Sondre (og Linda) - det betyr nok meir enn dåkke anar....og det får meg til å endå ein gong tenke over kor gla eg er for at vi har eit så utrulig flott nettverk rundt oss - det gjer kvardagen så mykje mykje betre!