søndag 23. september 2012

Veka som snart er over ;)

 
Merkar at det ofte blir lenge mellom kvart innlegg -
det har vel si enkle forklaring i at kvardagen er
ganske hektisk - og det blir ikkje nok tid....
Men no kjem det eit nytt i alle fall ;)
 
Oskar har begynt på "Knøttetrim" denne veka -
det var stor stas for minstemann og få lov til å vere ilag
med kompisane sine i gymsalen -
så dette vil vi prøve å få til å vere med på :)
 

 
Storebror Ulrik var med for å hjelpe mamsen -
det er ganske tungt å bære på Oskar,
så det kan vere godt med litt hjelp til underholdninga i alle fall -
og Ulrik gjorde ein super jobb!

 
Det kjekkaste var nok denne fallskjermen -
både å ligge under den og å bli dratt medan barna låg på den ;)
Vi gledar oss til i mårgå - for då er det ny knøttetrim.
 
 
Torsdag var det ny tur til tannpleieren -
Oskar går dit tre gangar i året for å passe litt ekstra på tennene sine,
No avtalte vi at han skal gå to gangar i året -
for tennene ser kjempefine ut og då er det ikkje nødvendig
å gå så ofte som vi har gjort no :)
Stas med premiar frå tannpleieren : to ringar, ein liten båt,
ei lita skattekiste, klistremerker og to nye tannkostar :)
Det var nok meir stas med premiane enn det var å sitte
i tannlegestolen ilag med mamma - men vi kom oss gjennom
det denne gangen også og eg syns at Oskar var kjempeflink!
 
 
I helga satte papsen og eldstemann line - og heile gjengen vart
med for å drage denne :) Oskar syns det var stor staså køyre fort med båten -
og spennande med både fisk og måsar.
Det vart ikkje den store fangsten - men kjekt var det!

 
Oskar og mamsen :)

 
Denne stygge ueren fekk vi også,
men den kasta vi ut igjen -
den var ganske liten og så har den så mange stygge piggar
(sjølv om eg veit at det er god matfisk)
 
I dag har vi spist "prinsefisk" til middag
(torsk i fløytesaus) og den smakte kjempegodt -
sikkert litt ekstra god fordi vi hadde fiska den sjølve ;)
 
 
I dag har vi vore mykje ute - og også benytta anledninga
til ei siste økt på trampolina - no er den pakka vekk for vinteren :)
 
Håpe dåkke også har hatt ei fin veke!
 
Klem frå Sissel
 
 
 

4 kommentarer:

  1. Ser ut som dere har hatt ei fin uke. Prinsefisk er noe av det beste jeg vet. Jeg savner "pustepausene" dine, men forstår at dagene flyr av sted. Ha det godt. Klem fra Drude

    SvarSlett
  2. Mange kjekke opplevingar for dokke.
    Barnetrimmen høyrest flott ut og er eit godt tiltak.

    Ynskjer deg og dine ei god veke.

    SvarSlett
  3. For ei kjekk uke dokke har hatt :) Hørtes veldig gøyt ut med knøttetrim da :) Håper neste uke blir like fin, vennen! Mange klemmer fra meg og Daniel ♥

    SvarSlett
  4. Så fin uke dere har hatt da! Knøttetrim hørtes gøy ut :)
    Ha en fin høstmandag og uke:)
    Stor klem

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)