søndag 2. september 2012

Heime etter ptø-opphold :)

Då er vi heime igjen - eg etter ei veke, og Oskar etter to veker
på Ptø-senteret. Turen heim gjekk fint - og i mårgå er guten
klar for barnehage igjen ;)

Tøffing med solbriller og voks i håret!

 
Dette har vore eit flott opphold på senteret,
Oskar kosa seg på treningane frå første dag -
null niks grining og ingen leide gut,
han har funne ut at PTØ er gøy!

 
Her trena Oskar på å sparke ball med foten,
ringane som han held hendene i
hjelper han til å klare å holde kroppen i ro.
 
 
Slik held han fast i ringen og klarer dermed å kjenne
kor hendene er - og treng derfor ikkje å tenke meir på dei
medan han bevegar føtene ;)
 
 
Han har også øvd mykje på å plukke opp leiker,
slik som puslespelbitane her, flytte handa og legge
fra seg leikene igjen. Lukke og opne handa.
Er ganske imponert over viljestyrken til Oskar når han
virkelig prøver, og han var veldig flink -
spesiellt med den venstre handa, så det spørs om guten
er venstrehendt..... :)
 
 
Litt tull og tøys vart det også tid til,
her lærte barna om hattar og andre haudeplagg -
Oskar var bie ;)
 
 
Ikkje så rart at guten sov godt om natta.....
 
 
Litt leik på kveldane vart det også tid til -
her er ein av Oskar sine store favorittar.....

 
.....ein diger raud ball ;)

 
Vi hadde berre to veker på Ptø-senteret denne gangen,
men Oskar kunne nok gjerne vore ei veke til.
Når trenaren begynte å snakke om at Oskar skulle reise
den siste dagen og at dei andre to barna skulle komme tilbake
på mandag....begynte Oskar og gråte....
 
Men får berre ta det som eit sikkert teikn på at Oskar likar
veldig godt å vere på Hamar ;)
Neste opphald er i november - og vi gledar oss allereie!
(sjølv om det er deilig å vere heime også;))
 
Ønsker dei som er igjen på Hamar ei flott veke til!
 
Klem frå Sissel og Oskar
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 


2 kommentarer:

  1. Det er så flott å høyre kor god nytte Oskar har av treninga.
    Og bra at han får tilbodet såpass ofte !

    Dokke er flinke, heile familien !

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Så utrolig bra at det finnest et slikt tilbud sier jeg bare:)
    Kjekt at PTØ er positivt, min erfaring er i alle fall at lystbetont trening gir langt større resultat enn det som er vanskelig å forholde seg til. Og utfra bildene skjønner jeg godt at prinsen var skuffa når han fant ut at han skulle hjem;)

    Ønsker dere ei god uke Sissel Astrid,
    varm klem:)

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)