søndag 30. september 2012

Matlaging

Har lenge hatt dårlig samvittighet for at eg har tydd til lettvindte løysingar
når det gjeld maten til Oskar - han får ikkje sondemat,
men vi har brukt grautpulver og ferdiglaga middagsglas for å få
i han dei proteinane han skal ha - men no har eg gjort noko med
samvittigheta mi - og laga heimelaga mat til guten ;)
 
Utfordringane er som følger :
 
* Det skal innholde eit gitt antal proteinar per porsjon
(per i dag 3 gram protein i ein middagsporsjon)
* Du skal blande mat med lite protein (som du ikkje treng rekne på) og
mat med høgre proteininnhold som må reknast ut....
* Det skal smake godt....
* Det skal vere finmosa nok til at restane kan "settast" i knappen,
slik at den ikkje går tett,i tilegg til at Oskar ikkje klarer å
svelge klumpar.....
* Det skal innholde nok næring og bli ei mengde som gjer at guten
blir mett - og veks av det....
* Du skal holde tunga beint i munnen når du reknar....
 
Jaja, står ikkje tilbake for ei utfordring -
så det var berre å "gå på" ;)
 
Tidligare fekk vi desse listene med innhald av proteinar i mat
av ernæringsfysiologen til Oskar :
 
 
Dei grønne matvarene er så lave i protein at vi ikkje treng å rekne på dei :)

 
Dei raude matvarene har høgt proteininnhald og blir lite mat av...

 
Dei gule matvarene er så mykje protein i at dei må tellast,
men lite nok til at det blir litt mat av det...
 
Så då var det berre å tenke.....
eg fant fiskepudding og falukorv på butikken som
var relativt lave i protein - og som eg tenkte kunne malast fint opp.
 

 
Kålrabi, løk og gulrot treng ikkje å tellast,
vegde opp poteter, blomkål og brokkoli (som må vegast) -
denne middagen var det falukorv
og glutenfritt brød (for å få litt fiber i maten) i -
og litt bulljong og margarin
 for å få litt meir smak og kalloriar.
 
 
Den andre vart det gulrot, kålrabi, purreløk,
poteter og fiskepudding i -
i tillegg til buljong og margarin.
 
 
Storebror Ulrik var flink til å hjelpe til med
skrelling av poteter :)
 
 
Først vegde eg opp all maten etter den var kjørt
i foodprosessoren - då var det i den første middagen
 totalt 12 gram protein, delte det på fire og fekk 245 gram i kvar
middagsporsjon - som faktisk er 100 gram meir enn han får i dag!
Så no kanskje kan guten endelig gå litt opp i vekt -
for den har stått ganske stille det siste året medan
han har strekt seg ganske mykje....
 
 
Tilsammen vart det fire middagar med fiskepudding....

 
....og seks middagar med falukorv :)
 
I tillegg laga eg fruktpure som eg fraus ned av
hermetiske pærer, hermetiske fersken og banan :)
 
Og det ser faktisk ut til at guten likar maten som mamsen
har laga også!
 
Så no kan eg det også ;)
 
Klem frå Sissel
 
 
 
 
 
 
 


1 kommentar:

  1. All respekt til deg må jeg bare si!
    Litt av et pusslespill for å regna ut alt sånn at det blir riktig, flink du er...ja også hjelperne dine da!
    Så krysser jeg fingrer og tær for at Oksar går opp i vekt av den gode maten din!!

    Klem ANna

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)