onsdag 28. desember 2011

Julefeiring på Lønneberget

Då har vi komt langt ut i romjula, men her med oss
er det berre eit døgn sida straum og telefon
kom tilbake...og i dag også har straumen vore
ganske ustadig ;)

Vinden har ikkje øydelagt noke her med oss,
men det har vore ein kraftig påminnar
om kor avhengige vi er av både straum og telefon....
Eg er veldig gla for at Oskar har vore frisk desse dagane,
for ikkje ein gang 113 har virka...
Håpe kommunane rundt omkring finn ut korleis
ein skal løyse dette om det skulle skje igjen....

Vi har ellers hatt ei flott julefeiring ilag med mamsen
og papsen min -
masse god mat, pakkar og morro!



Oskar har kosa seg denne julafta
(i motsetning til i fjor)
og syns det var veldig spennande å ligge på matte
ilag med alle julegavene ;)


Men NISSEN......


....han er forferdelig.....


SKUMMEL!!!

Så i år vart det ein kort visitt av julenissen her med oss....
Oskar vart rett og slett livredd....
Men det gjekk fort over -
og han var veldig gla når bestefaren kom inn døra etterpå ;)
For han var ikkje skummel i det heile tatt!



Ulrik hadde jobben med å lese opp og dele ut gaver


Joho! Her var det MASSE pakkar!


Emil har bygd verdens lengste sugerør :)


Kosa ilag med mamma :)



Oskar fekk blant anna superkjekk badepakke med bestekompis Sondre....

.... og her testa han og broren ut blått badeskum, magisk vaskeklut og knitresåpe
i badekaret :)

Ha ei fortsatt fin romjul!

Klem frå Sissel

3 kommentarer:

  1. Kor deilig det såg ut å bade :)

    Ja dinna nissen er ikkje eg som farmor noko begeistra for heller, borna blir no livredde !!
    Så eg forstår Oscar godt :)

    Her på H-fossen vart det skitur berre 1. juledag før orkanen tok til å herje.

    Fortsatt gode romjulsdagar !

    klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Ser at det er julekos i heimen. Godt at Dagmar ikke raserte hos deg eller nabolaget :)
    Klem

    SvarSlett
  3. Vi her fra Ålesund signerer: julenissen er drit-skummel!!!!!
    Hos oss fikk han beskjed for mange år siden om å sette pakkene på trappa og reise videre uten å ringe på:D

    Godt å høre at jula til Oskar var god. Han hadde god oversikt over gavene ser jeg:)
    Jeg tenkte sånn på dere da jeg hørte at 113 var ute hos dere og krysset fingrene for at han var frisk. Skummelt når slikt skjer, og så hjelpeløs som man blir.

    God klem til dere,
    A&H

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)