søndag 18. desember 2011

Siste helga før jul

Då er den siste helga før jula kjeme
snart over ;)
Og her som alle andre plassar
er det mykje som skal ordnast!


Oskar og mamsen

Denne helga har vi hatt julebord
med firmaet til min kjære -
han har berre ei som er ansatt ;)
Men vi kjenne både henne og resten av
familien ganske godt -
og då vart løysinga å spise
Thailandsk mat ilag begge familiene -
kjempegod mat og kjempekjekt selskap ;)


Verdens søtaste Rafael - som kosa
seg med grillspyd :)
Han var stor i augene når Oskar
fekk sondemat -
men nikka forstandig når eg forklarte ;)
Og har fått lovnad på si eiga
sprøyte som han kan ha i badekaret
(og sprute vatn på papsen sin)

Samme kjekke gjengen hadde vi med
oss i skogen for å hente juletre i dag


Presening kan vere godt å ha
når snøen gjekk over til regn i dag

Pølsegrilling, kakao, marshmellows
høyre med når vi er på tur for
å finne årets juletre ;)
Vi stanka bål heile gjengen når vi kom heim!
(men vi hadde det så kjekt -
at det spelar ingen rolle)

Greit å ha ein rattkjelke å kunne
sitte på ;)

Oskar var i strålande humør heile turen!
Og vi takkar for godt selskap :)




Etterpå var det rett i dusjen -
eg og Emil tok neste stopp i
bursdagsselskap :)
Systa til bursdagsbarnet hadde fått feber -
så Oskar og papsen vart igjen heime.

Klem frå Sissel

4 kommentarer:

  1. Ojsan - her gikk det litt fort i svingene... :-) Utrolig kjekt dere har hatt det, fint å ha gode mennesker rundt seg!

    God klem, Marianne.

    SvarSlett
  2. Kor kjekt å lese om ein begivenhetsrik dag :)

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Så herlige bilder av en herlig gutt <3
    Klem Line

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)