lørdag 13. august 2011

Båttur til Selje Kloster

Etter ei veldig hektisk veke med sykje (eg har hatt lungebetendelse), intervju av BPA og møter - var det utrulig kjekt å kunne finne på noko ilag alle sammen.

Vi var så heldige at Magne og Solveig (onkel og tante til Oskar) stillte med både båt og mannskap - og tok oss med på båttur til Selje Kloster. FOR EIN DEILIG DAG! Trur nok at den neste innvesteringa her i huset må bli ein båt, kanskje ikkje ein så stor som vi var på tur med i dag, men i alle fall ein som gjer at vi kan komme oss på sjøen å fiske. Alle tre gutane våre kosar seg på sjøen - så vi får sjå kva vi får til. Men enn så lenge er vi kjempeheldige som har familie som tar oss med på tur. Solveig diska til og med opp med lunsj i båten :) Kjekt at Merete og Terje også tok turen ut til Sleje Kloster for å vere ilag med oss!

Kor i alle dage e vi???

Stort vakrare blir det ikkje - sola som speglar i sjøen :)

Sånn båt kunne eg og ha tenkt meg ;)

Skipper Ulrik under veiledning av onkelen

Prinsen e ute og "går"

Vakre Selje Kloster

Oskar og papsen inne i Sunnivahola

Storebrorane på rotur

Kjekt å tulle med storebror

Siste post på programmet - fisking! Emil fekk til Ulrik sin store fortvilelse 2 fiska - mens han fekk ingen......Men han fekk vere skipper heile turen heim - so då ordna det seg ;)

4 kommentarer:

  1. Så herlig med tur på havet! Helsebot for kropp og sjel! Ønsker deg og dine en god uke! Klem.

    SvarSlett
  2. Hei sissel.

    Fant bloggen din gjennom Karina med bloggen kjempendaniel.
    Jeg og mannen min sitter her ikveld med frysninger og vi skjelver - vi vet så alt for godt hva dere går igjennom. Vi går nemlig igjennom nesten det samme som dere. Vår lille prinsessse har samme historie som lille Oskar. Vi fikk først positivt svar på samme stoffskiftesykdom som Oskar i februar, men etter nye runder med prøver tilbakeviste legene dette og hun testet så positivt på en alvorlig muskelsykdom.
    Har du en mail adressse så kan jeg fortelle litt mer om vår historie hvis du er intressert. Helt skremmende å høre andre fortelle nesten identiske historier. Tenk at vi er flere som opplever dette i hverdagen. Det er så godt å høre om andre og kanskje kunne få litt hjelp av hverandre. Vi har allerede fått flere gode tips av Karina.

    Anne Bjørg og Ole foreldre til likke Klara på 10 mnd

    SvarSlett
  3. Jeg glemte jo å legge ved vår mailadresse

    forurab@yahoo.no

    Anne Bjørg & Ole, Foreldre til lille Klara

    SvarSlett
  4. Hei Anne Bjørg og Ole.

    Så vondt å lese at dåkke er gjennom det samme som vi har vore, det unne eg så absolutt ingen. Det er det værste ein kan vere gjennom som foreldre - no har Oskar vore hjerneskada etter den metabolske krisa i nesten 16 månader og fremdeles håpar eg at eg skal våkne opp frå eit langt og vondt mareritt.... Men slik er det dessverre ikkje. Eg føler ofte at mammahjertet mitt blir knust i fillebitar når eg ser korleis Oskar har det av og til - men det er også så stolt at det nesten sprekke når eg ser at han aldri gir opp. Oskar har det betre no enn tidlegare, men har framleis store store utfordringar i kvardagen. Det er vondt når kroppen ikkje vil gjere det han vil og når orda ikkje kjem fram.... Men han er så langt vi veit heilt lik andre på sin alder intelligensmessig - og vi jobbar for at han skal få brukt potensialet han har... Han er ein vakker og sterk liten kar som rører ved alle han treff - smila til Oskar går rett i hjertet.

    No veit eg ikkje kva slags muskelsjukdom vesle Klara har - men om det kan likne på den situasjonen vi er i - så lever vi med at vi kan miste Oskar. Men vi vel å ikkje tenke på det, men leve her og no og gjere alt vi kan for at det ikkje skal skje...

    Eg vil gjerne ha kontakt og prøvde å sende mail til den mailadressa eg fekk, men fekk den i retur - mi mailadresse er sissel@clear-view.no - kan du prøve å sende ein mail dit, so skal eg svare?

    Klem frå Sissel

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)