tirsdag 15. november 2011

Knappeskift ;)

Med jamne mellomrom må vi skifte knappen til Oskar
- enten planlagt eller plutselig....

Plutselig - det har vi gjort nokre gangar
Eit par gangar fordi det har satt seg fast mat i den - og ein gang fordi ballongen var øydelagt og knappen hoppa ut ein morgon samtidig som eg tok av bodyen hans ;)

Men denne gangen var det planlagt,
han har hatt den samme knappen i nesten 6 månader - og då er det på tide med ein ny :)

Slik ser knappen til Oskar ut - på nært hald...


Utstyret må vere klart - og i orden....

Her er holet i magen - uten knapp i....dei første gangane eg såg dette vart eg litt småkvalm - men det gjer meg ingenting lenger (og har blitt ein daglegdags sak)

Ny knapp har komt på plass - med stilig Button Buddies på (eg syns desse er mykje betre enn papirkompressa som vi brukte i starten, dei er betre for huda og absoberar meir væske - og dei er stilige og spennande å sjå på ;))

Den gamle knappen var ganske ekkel - og trur det var på tide å få den ut ;)

Kulaste gutten i verda - i Bjørn Borg boxer og Landslaget si libero  t-skjorte!

Då håpar eg det er ei stund til neste gang vi treng å bytte knapp - men det er egentlig inga sak når vi har ein so flink gut! Han skreik ikkje - ropte ikkje - men var ganske blid heile tida :)

Knappen er vi glad for at Oskar har - vi hadde aldri klart å få i han dietten uten denne!
Og vi har blitt ekspertar på knappeskift (det er det ikkje alle som kan;))

Ha ein flott kveld

Klem frå Sissel

1 kommentar:

  1. Jeg har ofte snakket med andre om disse "dagligdagse" tingene vi gjør , og så reagerer ikke før jeg ser blikket jeg får tilbake. Ok- det var IKKE dagligdags for alle altså. Man blir jammen vant til mye rart;-) De Button Buddies-kompressene var utrolig smarte, og fine var de også:)

    God klem til deg og tøffaste Oscar,
    Hanne:)

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)