søndag 13. november 2011

Familiehelg med NFU

Denne helga har vi vore på familiehelg med NFU (norsk forening for utviklingshemma) på Skei Hotell, det var ein kjekk opplevelse! Og kan på det varmaste anbefalast for andre også ;)

Samling med kjempeflinke musikkterapeutar!!!


Oskar i skjønn forening med silketøkle ;)
Nydelig vennen vår!

Vi reiste ikkje inn før laurdagsmorgon, litt hektisk her på morgonen når alle skulle ut av huset til ei gitt tid for å rekke ferga - men vi klarte det akkurat... Helga har bestått i foredrag for foreldra, masse god mat, masse bading, kjekt samvær, musikkterapeutar frå fylket og knytting av band til andre foreldre og barn.


Bading er alltid kjekt :)


To gode vennar på "fest"


Oskar og mamsen på dansegolvet!

Ungane fekk treffe andre søsken til funksjonshemma - eller dei med litt større hjernekrøllar enn andre som foredragsholdaren kalte det, og det trur eg er både godt og viktig for dei - slik at dei ikkje føler seg så åleine om ha ein litt annleis kvardag. Vi fekk treffe andre foreldre i tilsvarande situsjonar og med tilsvarande utfordringar i kvardagen - godt for oss å ikkje vere åleine om det også.... Men viktigast av alt - vi har hatt det veldig kjekt ilag og kosa oss!


Rebusløp i hotellgangane på søndag - Oskar syns det er stas å sjå på storebror som kastar erteposar....


Premien har fått plass på haudet - kuuuuul buff ;)


Oskar ser på brorane som badar
"Eg og har lyst!!!"
Men på søndag vart det ikkje bading på oss to - for det var litt vanskelig med
lite tilrettelagt garderobe - og eg prøvar å passe på ryggen min litt....
Men neste gang er vi klar for meir bading!


Farsdagsfeiringa tok vi på kvelden - med vaffler og pakkar!
Alle gutane hadde laga flotte kort til pappa-en sin på hotellet -
og vi gratulerte alle verdens beste pappa med dagen :)

Ha ei flott veke!

Klem frå Sissel <3


2 kommentarer:

  1. Kor kjekt å lese om helga dokka :)
    Du har nokre skjønne gutar !
    Og tek så flotte bilde :)

    Takk for at du vil vere følgar på bloggen min. Eg har lagt meg til som følgar for din blogg også.

    Tusen takk for kjekke kommentarar til meg :)
    Eg har som ei aning om at du held til ikkje langt ifrå der me har hytte ? :)

    Ha ei fin veke !

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Det ser virkelig ut som dere har hatt en kjempefin hotellovernatting ♥ Og skikkelig bra opplegg! Det trengte dere! Godt å se barna kose seg slik! Ha ei fin uke Sissel!!

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)