lørdag 19. november 2011

Hjelpsomme Ulrik :)

Denne bloggen er mest om Oskar,
men jammen fortjena brorane eit innlegg i ny og ne også ;)
Denne gangen : Ulrik!

Han kom inn døra etter skulen på fredag - og erklærte at her skulle huset ryddast og vaskast!
(trur ikkje det var såååå skittent - for eg hadde vaska golva ddagen før)
Men : guten måtte no berre få styre seg ;)

Først laga han seg liste over kva han skulle gjere! (viktig med lister -
det har han nok lært ein plass). Han starta med å tørke støv (vaske) med Man United
vaskekluten sin - og så var det tid for :


Støvsuging!!!

Ettersom det ikkje var så masse å rydde nede - rydda han rommet sitt :)

Flinke guten min!
(han hadde nok en baktanke - og det var litt penga til laurdagsgotteriet.....)

I dag har han laga bål bak i skogen ilag med papsen sin - og han passa villig bålet medan papsen reiste på butikken å handa pølser.....






Og etterpå vart alle invitert bak på middag ;)



Både lisjebror, storebror, mamma, pappa og eit par kompisar til storebroren

SO NO STANKAR VI BÅL HEILE GJENGEN....

eller det vil seie - ikkje Ulrik og pappa som no er på Aleksander Rybak konsert
- velfortjent etter ei hjelpsom helg!!!

Og gledar oss til tur på hotell i mårgå for å feire pappa/bestefar/svigerfar sin 60 års dag!

Klem frå Sissel

P.S har forandra litt på bloggen sin utsjånad - for HÅPET ER LYSEBLÅTT!!!

2 kommentarer:

  1. Flotte storebroren:) Og jeg er helt enig med han - lister er viktig;-)
    Så deilig å komme til dekka... bord? I alle fall til ferdig middag. Da går det greit med litt "bål-lukt":)

    Ha ei god natt og en fin søndag,
    god klemღ

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)