fredag 21. oktober 2011

På sjukehuset - igjen

Det har vore mange dagar for oss på sjukehus med Oskar sidan han vart sjuk. Den siste tida har han vore heldig - og vi har hatt fri frå sjukehusinnleggelsar sidan mai, men det har vore vår og sommar - og då er det gjerne mindre smitte enn på haust og vinter... I mai hadde eg opptelling over kor mange dagar vi hadde vore på sjukehus det siste året - og kom til nærmare 90! Men men - dersom det er det som må til for at Oskar ikkje skal bli værre, så er eg gjerne her ilag med han :)

I tillegg er vi på trening på Hamar og i sommar og tidlig haust har vi vore der i seks veker...så det seie seg sjølv at vi er mykje vekke heimafrå. Det er ikkje kjekt for ei mamma å vere så mykje vekk frå dei andre to gutane, men slik er det berre - og eg har ikkje noko valg.

Oskar har vore ein del småforkjøla i haust, men har heldigvis fram til no sluppe unna høg feber. Men denne veka har han vore det vi på fint kallar "pottesur" - og det har heilt tydelig vore eitkvart som har plaga han. Det gir seg også utrykk gjennom at han blir meir stiv og spastisk enn ellers. Vi var heime til i går ettermiddag og starta opp sos-regime heime (som er resource enegripulver blanda i vatn - dette fordi Oskar ikkje kan få nokon proteinar i det heile tatt når han er sjuk) - men dette energipulveret åleine kan han berre få i to døgn...då må han starte opp på 1/4 mengde av vanlig proteinmengde.... Så når han i går ettermiddag fekk nesten 40 i feber og vi ikkje har tilgang til å ta blodprøver heime - eller legar som kan sjukdommen til Oskar (i og med at det er legevakt i helga) - reiste vi med ambulanse til Førde. Ein av bakdelane med å bu der vi bur, er at det er langt med nesten 3 timar reiseveg til sjukehus når vi har eit kronisk og alvorlig sjukt barn.... Men etterkvart kjenner ambulansepersonalet oss godt - og Oskar aksepterar betre enn tidligare å ligge på båra i barnesele :) Han er tøff guten vår!!! Og eg er uendelig stolt av han!!!


Til slutt vart prinsen vår så trøtt - at han sovna i ambulansen....

Endelig framme på sjukehuset, men Oskar er ganske stressa og vridd i kroppen...

Maten til Oskar - ei deilig blanding av Hipp middagsglas (heile 27 gram), energipulver og spesialmelk.... Dette får han på pumpe - det smakar IKKJE godt, så han skal få sleppe å prøve å ete det sjølv ;)

No gledar vi oss til Odd og storegutane kjem innover på besøk i kveld og blir til i mårgå - så får vi sjå kor tid vi reiser heim. I og med at det er så langt å reise, reiser vi ikkje heim før eg er heilt trygg på at Oskar er bra igjen ;)

I VG i dag finn du ein lang artikkel om Ida som har samme diagnose som Oskar, oppfordrar alle til å lese den.... Syns det er flott av Ida og stille opp i denne artikkelen - og gi sjukdommen eit ansikt! Ikkje minst er eg gla for det håpet ho gir meg for framtida til Oskar. Vi møtte Ida i fjor haust - og ho er hovudgrunnen til at vi prøvar å aldri undervurdere Oskar og kva han kan klare å få til!

Klem frå Sissel

3 kommentarer:

  1. Tenke på dokke, Sissel. Også skal eg kjøpe avis i dag. Tenk det, alvorlig lenge sida sist ej brukte peng på ei papirutgave... :)

    Håpa på god og hurtig bedring ... Klem :)

    SvarSlett
  2. Stakkar lille gullet !!! Ikke lett og være liten.... god bedring til han fra meg <3

    SvarSlett
  3. Ikke rart du er stolt ♥ God bedring til lille Oskarprinsen. Det er slitsomt å måtte tilbringe dagene på sjukehuset, men hva gjør man ikke for de små, de betyr jo alt for oss her i livet ♥ De reagerer fort med spasmer de guttane våra, det er vondt å se. Håper forma stiger fort! Og at det blir lenge til neste sjukehusinnleggelse. Klem fra alle oss! ♥ (ps: Fikk pakke i posten i går, så i dag skal jeg på postkontoret.. Kjekk start på helga <3 Du er god <3 )

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)