onsdag 26. oktober 2011

Deilig å vere heime :)

Etter eit par dagar på sjuekhus, var det godt å komme heim :) Eit par dagar høyrest kanskje ikkje så masse ut, men for oss som er på farta heile tida og inn og ut av sjukehus/behandlingar/kontrollar/blodprøver mm - er det rikeslig nok... Denne veka har Oskar heldigvis vore i fin form og vi har kosa oss i det flotte haustveiret som har vore her i Nordfjord :))) I dag har vi vore på båttur med "nyebåten" vår - og det var kjekt (og litt skummelt når bølgene vart store...). Her er nokre bilder frå dei siste dagane :

Oskar leikar seg på leikerommet på barneavdelinga mens vi venta på taxi heim :) Men er nok mest opptatt av å sjå på Ulrik som spelar playstation bak han (men han ligg ofte bakovervendt)

Vi les Eliasbok - Oskar er veldig gla i å lese bøker ;) Denne fekk han i presang når papsen og Emil kom heim frå Bergen med båten vår.

Nede med naboen på besøk :) Spennande inne i "skogen"

Joho!!!

Kosa med Emilbroren på båttur <3

Skjønne lisjeprinsen vår!

Ulrik er kaptein

Mamma og minstemann

Ha ei god natt

Klem frå Sissel

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)