torsdag 13. oktober 2011

Litt bilder frå dei siste vekene :)

Her kjem nokre bilder frå dei siste vekene - Oskar har fått seg htc touch telefon (for å kunne "fortelle" både her heime og i barnehagen kva han har gjort på - kjempekjekt!), og mora er ikkje heilt oppdatert...men har no klart å laste over nokre bilder. Hadde egentlig veldig lyst til å vise dåkke eit par filmar, men det klarte eg ikkje å få til ;) Men, men kanskje ein annen dag....


Dette er startbildet på ein videosnutt som Anett filma av Oskar - men den får dåkke heller sjå ein annen gang :) Oskar var i alle fall i strålande humør!!! Men det reknar eg med at dåkke ser allikavel....


I gymsalen på skulen ilag med barnehagegruppa (eg har tatt med nokre få bilder frå barnehagen - men ingen andre barn viser på bilda - det har eg passa på: Har berre lyst til å vise korleis Oskar kosar seg i barnehagen og kor bra han har det der!)


Klar for bading! (lisjepjusken har til og med fått seg badehette ;))

På tur i nyevogna ilag med assistenten sin :)


Ut på tur med lua på snei ;)

Dette er også eit startbilde på ein kjekk liten film, men som sagt - ein annan gang!

Ha ein fin kveld :)

Klem frå Sissel

3 kommentarer:

  1. For en skjønn Oscar dere har. Ja, livet gir oss noen utfordringer, men greier vi å balansere, så kommer vi styrka ut.
    Du har jo en evne til å greie å dyrke din egen kreativitet, og det er bra.
    Ett av mine barnebarn har Down syndrom.
    Klem

    SvarSlett
  2. Ja, av og til får ein utfordringar ein skulle ønske ein var foruten...men Oskar e ein skjønn liten kar. Veit ikkje om du har lest historia hans, for det var ikkje slik frå starten...

    Såg fatisk på bilda på facebook at barnebarnet ditt har Downs - eg har sjølv jobba med Downsbarn nokre år, og det har gitt meg store gleder.

    Er gla for dei erfaringane eg hadde i forkant, slik at eg kanskje klarte å takle dette litt bedre enn om eg ikkje hadde hatt det.

    Klem

    SvarSlett
  3. ♥ Herlige bilder av gode Oskar! ♥ Det er så godt når det er så tydelig at de har det kjekt. Jeg har også prøvd å lagt ut film, men får det ikke til..:/ Så du får tipse meg om du får det til ;)

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)