Dei siste kveldane har gått med til å lage
fleire snakkekort til Oskar :)
Jammen er det mange kort som skal på plass
for at han skal kunne bli "bada" i språk
slik som andre på hans alder...
Dette er nok den mest tungvindte måten å ha
eit språk på... og eg kan ikkje anna enn legge
meg flat for Oskar si tolmodighet i forhold til å få sagt kva han vil...
Den siste veka har vi brukt augepeikeboka aktivt -
og Oskar syns det er kjempekjekt!
Han kan fortelle at han er tørst, kva han vil leike med,
om han har vondt (men ikkje kor - så det må jobbast med),
han vil gjerne fortelle at han vil ha ein klem ;) vesle
flørten vår! og har heile tida lyst på eple :)))
Mest av alt har han stooooor glede av å få gi uttrykk for
kva han vil og ikkje vil....
Men Oskar har også blitt flink til å lage lydar som
vi kan tyde som ja og nei!
Og ansiktsuttrykket fortel oss også masse :)
Men over til desse snakkekorta.
Oskar og vi kom tidleg inn i eit nettverk for foreldre,
barn, pedagogar og assistentar som brukar ASK
(alternativ og supplerande kommunikasjon),
han var då den yngste som var med!
Og vi har jamnt og trutt besøk av Anne Merete som hjelp oss
å utvikle korleis vi skal kommunisere med Oskar.
No skal vi snart starte opp med uttesting av datahjelpemiddel,
der han skal bruke dataskjerm som les kor pupillane hans ser -
og dermed kan gi han eit språk
(eg håpar berre at stemma på den ikkje høyrest ut som
ein vaksen mann....hjelp....men den tid den sorg)
Slik som det ser ut no - så får vi besøk her i mai!
Kjempespennande!
Og eg veit at dei les bloggen til Oskar -
Og eg veit at dei les bloggen til Oskar -
VI GLEDA OSS TIL DÅKKE KJEM!
Her er dei siste kveldane sin produksjon :
Snakkekort som angår mat og matsituasjon på
stolen til Oskar ved bordet.
Kan sjå på symbol for typar mat, drikke, dessert - om han
er svolten, kor han vil sitte, sonding mm
Har laga klar kort til sydenturen -
med både kort til stranda og bassenget ;)
Kort om følelsar - som ein kan ta med på tur ol.
Turkort - både om ting ein ser, kan gjere på,
mennesker, veiret (noko vi snakka mykje om i Norges vakre land)
og forskjellige dyr som vi brukar å treffe på.
Festa i skikortklype og med snor til vogna ;)
Fleire kort på badet, bla til tannpussen :)
Diverse om husarbeid på kjøkkenet!
Spennande, ikkje sant?
Det syns i alle fall vi!
Neste prosjekt blir å lage ei leikebok til Oskar :)))
Klem frå Sissel
Kjære Sissel Astrid. Jeg får tårer i øynene av dette. Kor flink du/dere er. Du har en kreativitet og innsatsvilje som er helt enorm.
SvarSlettKlem, klem
Tusen takk Inger - no vart eg ganske rørt også :) Vi gjer så godt vi kan - og meir enn det kan vel ingen gjere ;)
SlettKlem
Så spennende dette er. Det må være godt for Han å kunne gi uttrykk for hva han vil og ikke vil, og for andre behov. Jeg syns det er sånn en nydelig gutt utfra bildene. Spennende for oss som følger med på bloggen også dette med snakkekorta. Heldig gutt som har deg til mamma. Klem fra Drude.
SvarSlettTakk Drude :) Syns ASK e kjempespennande! Og noko av det viktigaste for Oskar framover...slik at han får brukt det som han har inni seg ;)
SlettKlem
Hvis det ikke finnes en syntetisk barnestemme til talemaskinen, finnes det en funksjon for å spille inn egne ord og settninger. Kanksje kan storebrødrene eller en jevngamel lekekamerat hjelpe til?
SvarSlettKjempe flott med alle symbol kortene:-)
Hilsen en inspirert følger
Å takk og lov!
SlettVar redd for ei sånn kjedelig og metallisk stemme som skulle snakke for Oskar ;)
Kjekt at du er inspirert!
Det er så spennande det dokke held på med. Tenk kor fantastisk for Oscar å kunne få uttrykke kva han vil.
SvarSlettDokke gjer ein kjempejobb, eg er sikker på at det gir resultat !!
Lukke til !!
Klem
Takk takk :)
SlettPs. Vi vurderar sterkt hund til familien - spesiellt Oskar - må berre vente til han blir litt større og ikkje er så mykje på sjukehus, for desse firbeinte har krav på ein del oppfølging dei også ;)
Klem
Så flott! Jeg er imponert! :-)
SvarSlettVeldig bra at dere har mennesker rundt dere som bidrar til positiv utvikling og som støtter dere!
Ønsker dere alle en knakende fin onsdag!
Klemmer, Marianne.
Takk Marianne :)
SlettSpennande å sjå! Denne flotte jenta: http://www.dagbladet.no/2012/02/13/tema/klikk/helse/foreldre/20253209/
SvarSlettvar naboen min før, så eg har sett kor viktig og god slik kommunikasjon kan vere. Stå på!
Hanne har vore min store inspirasjon til arbeid med ASK sidan eg såg filmen som er laga om henne :)
SlettNo har eg fått kontakt med mammaen hennar også ;)
Kjekt å kunne lære av nokon som har gått vegen sjølv!
Så bra! Marianne har jo massevis av erfaring, dei har kome kjempelangt! Som ho kjemper for, både for Hanne og dei andre som har behovet, det burde vore ein sjølvsagt rett for barna som treng denne typen kommunikasjon å få opplæring og hjelp til å utvikle dette.
SlettGry
Kjempefin blogg du har. Og for ein lun og god måte du skriv på.
SvarSlettBjørg Hauge
Takk Bjørg :)
Slettog takk for at du tok deg tid til å kikke innom!
Klem