søndag 5. februar 2012

Godt å vere heime igjen!

I går kveld kom vi endelig heim igjen!
Det er godt å vere heime, sove i si eiga seng,
og ha friheita til å kunne gå ut for døra utan
å ringe på for å få noken til å passe Oskar ;)



Turen heim gjekk bra, bortsett frå at Oskar kasta opp
all maten i taxien etter at vi hadde køyrt i 15 minutt...
...jammen godt vi hadde lånt med ein handduk frå
sjukehuset slik at ikkje både Oskar og taxien vart
full i spy ;) (ein lærer etterkvart)



Oskar syns det var stoooor stas å sjå pappaen og
brorane igjen, og eg trur dei syns det var kjekt at vi
kom heim igjen også.



Men det er rart : det er først når vi kjem heim at eg
kjenner kor utslitt ein blir av slike turar -
spesiellt når det varer over tid...
men det er vel gjerne slik når ein i utgangspunktet er sliten...

No ønsker vi oss nokre rolige veker og håpar
at det ikkje blir fleire sjukehusopphold på ei stund :)

Ha ei fin veke alle sammen!

Klem frå Sissel
(ps. alle bilda er gamle, for eg har ikkje orka å
finne fram fotoapparatet endå)

3 kommentarer:

  1. Deilig å komme hjem !!!!
    Kos deg med alle gutta dine
    KLEM :)

    SvarSlett
  2. Velkommen hjem til Oskar og mamman! Tenker det var noen glade gutter som tok i mot dere ja! ♥ Krysser fingrene for at det ikke blir flere sjukehusopphold på ei stund ja! Det er godt det går mot vår! ♥ Ha ei fin uke, Sissel ♥ Håper du får hentet deg litt inn igjen!!

    SvarSlett
  3. Velkommen hjem:)
    Rart det der, at det plutselig er helt normalt å ha en strategi for slike uhell når en skal noen plass. Man blir litt merkelig rutinert;-)

    Håper at dere går fri for sjuker fremover og at Oskar-prinsen holder seg frisk slik at dere kan være heime med brorane og pappa:)

    God klem
    Hanne:)

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)