Då er det klart :
Oskar skal få MyTobii!
Oskar har fått ny nakkestøtte som stabiliserar
haudet han bedre - så får vi sjå om han treng mindre støtte
når han kanskje klarer å holde haudet meir stabilt sjølv :)
Han har gjort det over all forventning på
utprøvingsdagane og vi er kjempestolt av han!
Alle fagpersonane rundt han er kjempefornøgd med
korleis det har gått desse dagane -
og takk for at dei, ilag med oss, har hatt
så sterk tru på Oskar og at han kan få til :)
Vi sat på eit anna rom og fekk observere kor flink Oskar er :)
På skjermen til venstre ser du kva Oskar ser på sin skjerm,
der den raude firkanten er ser du kva han har valgt å sjå på.
På skjermen til høgre er det bilde av Oskar og nede på skjermbildet
ser du to kvite prikkar på svart bakgrunn - dette er kor augene
til Oskar ser - fantastisk ikkje sant?
Vi har aldri vore i tvil om at Oskar forstår,
og det er nok grunnen til at han blir så frustrert innimellom også...
ikkje rart når du ikkje får lov til å seie kva du vil,
kor du har vondt eller kva du ikkje vil....
Men Oskar er også god på å gi beskjed uten ord,
men det er ikkje alltid vi tolkar det rett...
MEN : no skal Oskar få eit språk!
Her er skjermen Oskar brukte - den han skal få no er
litt mindre, denne er 17 tommar medan den nye skjermen er 15 tommar
Det er langt opp og fram enno - og
det vil kreve mykje av både Oskar, personalet hans
og oss her heime - men vi er alle villige til å legge
ned det arbeidet som trengst for å få til dette!
No i starten skal det vere mest leik og morro -
Oskar skal lære seg å bruke fleire "knappar" på skjermen
og skal bruke den til blant anna leikar, spel og filmsnuttar -
men opp og fram skal dette blir språket hans -
og det er nesten ikkje til å klare å forklare kor stolte vi
er av minsteguten vår!
Eg fekk også lov til å komme inn ein tur på slutten av dag 2
slik at Oskar kunne vise mamsen kor flink han er ;)
For han har jobba beinhardt desse dagane -
og viser stor glede av å holde på med det -
og då er vel utgangspunktet så bra som det kan bli -
resten er opp til oss rundt han -
for Oskar har vist oss at han kan!!!
Skikkelig engasjert!
Selvfølgelig skal vi fortsette med "pappen" -
eller ask-symbol på papir og i bokform slik som no,
i tillegg til dataskjermen -
for ein dataskjerm er ikkje så lett å ta med seg overalt ;)
Vi gledar oss til fortsettelsen :))))
Klem frå Sissel