onsdag 19. desember 2012

Hektisk førjulstid

Her, som i dei fleste andre heimar, har det vore ganske
hektisk dei siste par vekene - Oskar vart sjuk etter bakedagen
og våkna opp klokka 05.00 mandagen og hosta i ett strekk
(uten pauser) i sju timar... stakkaren var heilt utslitt og ville
så gjerne sove, men klarte det ikkje på grunn av hostinga.
Vi var til legen på ettermiddagen både på grunn av at han
hosta, men også fordi han hadde fått høg feber.
Så då vart det slått fast at guten hadde fått bronkitt...
heldigvis kan det behandlast med pencilin og etter eit par dagar
var han i alle fall feberfri - skal innrømme at mating kvar tredje
time heile døgnet er ganske slitsomt når han er sjuk -
blir ikkje så mykje soving på noken av oss.


Slakk liten gut...

Han var heime frå barnehagen heile forrige veke,
vurderte å ha han i barnehagen på fredagen - men rett før han skulle
reise hosta han til han kasta opp - så då var det like greit å vere heime.
Mandag var han to timar i barnehagen - og etter det har han vore heime
på grunn av smittefare. Vi er nok litt ekstra forsiktige no når det snart er jul,
for vi har ikkje lyst til å tilbringe jula på sjukehus eller til og frå
legekontor og labratoriet, så eg trur nok han blir heime resten av veka
også. Men skal få ta seg ein tur på bading på i mårgå slik at han får
 litt avveksling frå heimelivet :)

Men vi har no fått gjort litt allikavel - fysipterapeuten til
Oskar har vore her og trena ilag med han, og han har vore veldig
flink til å holde og flytte puslespelbrikkar (i tillegg til mange
andre ting)



Stolt liten kar som jobbar iherdig!


Og vi har fått heim tante Linda frå new Zealand!
Det er 1 1/2 år sidan sist vi såg henne, så ho vart
selvfølgelig tatt imot med brask og bram!




Det vart nesten eit lite 17.maitog :)
Vi kosa oss ilag heime med tanta til Oskar på Eid,
og pynta delane til pepperkakelastebilar,
pepperkakehus og pepperkakekirke ;)



Resultatet vart veldig bra etter at det vart limt sammen :


Største storebror sin lastebil!
(Bestemora til Oskar hadde laga delane til denne)


Oskar og mamma si kirke.....


....og mellomsteluring sitt pepperkakehus :)


Og vi blir nok klar til jul i år også : dei fleste pakkane er ferdighandla,
nokre sortar julekaker har komt i boks, litt brødbakst har komt i frysaren,


mamma sin 37 år gamle nisse har komt på plass i trappa,

juleneket til fuglane (og mat på brettet ute) er i orden


og planen til Oskar er pynta til jul ;)



Og Oskar er tross alt i eit ganske godt humør!
Han er utrulig flink til å finne seg i å vere heime,
og faktisk veldig flink til å vere sjuk -
det er ikkje mykje syting på denne guten!



Måtte flire godt i kveld når eg begynte å snakke om at han
skulle vore til frisør og klipt håret sitt (noke han syns er veldig
stas) - og då kom naturlig nok praten innpå voks og farge i
håret...og det rett før tennene skulle pussast... Oskar nekta plent å
opne munnen, og det tok ei stund før mora skjønte kva det var ;)
Han kikka ganske intenst på boksa der han har "toalettsakene" sine
og ropte litt til mamsen sin - og lettelsen var stor hos guten når eg skjønte
at han ville ha voks i håret ;) Det fekk han selvfølgelig! Men når voksen var komt
i håret ville han fremdeles ikkje opne munnen (noke mamsen syns var
ganske rart, for Oskar likar å pusse tennene) - men han kikka bort på
speilet...så når han då fekk kikka seg i speilet og konstantert at han var
fornøgd med sveisen, så opna han munnen villig ;)

Han er som dei fleste andre treåringar guten vår, og har
heldigvis ein sterk vilje som vil komme godt med seinare i livet!

Ønsker alle ei god natt og fortsatt fin førjulstid <3

Klem frå Sissel

PS. det er berre 5 dagar igjen til julafta!!!!





1 kommentar:

  1. Heia:)
    Håper det går bra med alle mann og at dere er klar til i morgen.
    Ønsker dere ei riktig god jul,
    varm klem fra A&H

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)