onsdag 8. august 2012

Herlige Hakallegarden!

I dag har vi endelig fått gjennomført noke vi har tenkt på lenge -
besøke Hakallegarden :)
Sist vi var der gjekk eg høggravid med Oskar,
det vil seie at det er 3 år sidan sist vi var der.



Og Hakallegarden skuffar IKKJE!
Det er nesten som ei lita oase -
der det rett og slett er heilt herlig å vere :)

Desse var artige :)
Men helst på litt avstand ;)


Konrad kalkun var herlige tilstades når vi kom,
prata masse med oss -


rett og slett ei herlig personligheit ;)


Aina og Olav som eig denne oasa er hjertelig deltakande
blant gjestane sine - køyrer gråtassen og går ved siden av
frydefulle barn på hesteryggen.
Det er vel ingen overraskelse at både Oskar og Ulrik storkosa
seg dei timane vi var der :)))
Det er nesten slik at ein ikkje har lyst til å reise heim,
og hadde det ikkje vore for alt regnet som kom -
så hadde vi nok vore der lenger -
eller flytta inn ;)


Ulrik fallt fort for denne kyllingen
(som vist nok vart klekka ut i en lokale barnehagen)



Dei vart gode vennar desse to :)
Heilt til kyllingen bæsja på Ulrik medan han sat på haudet hans....
Det synst Ulrik var dårlig gjort av ein venn ;)
Men han vart ganske fort tilgitt,
for tross alt så var det ein kylling...


Det finst mange dyr på Hakallegarden -
og dei får du virkelig nærkontakt med her :)
Her finst det hestar, esel, alpakka, fuglar, grisar,
kaniner, geit, sau ++++

Her kjem eit lite bilderas :





Det er reint og fint -
og overalt finn du små kunstverk som rett og slett gjer ein gla :)


Høgdepunktet for Oskar denne dagen var nok
traktorturane med gråtassen og Olav -
om han hadde kunne,
så hadde han nok køyrd att og fram heile dagen :)


Oskar er frydefullt klar for tur!
TUT-TUT!


På leikeplassen var det også ein gråtass som måtte prøvast.

Trass regnet så er nok dette eit av dei store høgdepunkta i sommar -
og det blir definitivt ikkje tre år til neste gang :)

Meir info om Hakallegarden finn du HER,
vi anbefalar så absolutt fleire å ta turen!

Takk for ein herlig dag til Aina og Olav :)

Klem frå Sissel











3 kommentarer:

  1. For ein kjekk dag dokke har hatt :)
    Ja, der er kjempekjekt, dei er så flinke og kreative at det er fantastisk !!
    Eg har ikkje vore der i år, men kanskje det blir litt seinare.
    Akkurat no driv eg og stemmer på dei i Ganefart konkurransen der dei hevdar seg i toppen. Velfortent

    Fin kveld til dokke !
    Klem

    SvarSlett
  2. Åhh for eit fint innlegg!! Det var så herlig å sjå guten din kor han kosa seg idag :-)Ein nydelig liten kar :-) Håper han fekk kjenne på mange små. Lurte litt på om eg skulle spøreom han ville sitte på hesten, men reknar med du ville seie det om det var aktuelt. Velkomen tilbake ein annan gong, du og gutane. Her kvitrar det vilt i sofaen av dei 2 småkyllingane vi fann idag. Måtte til med gjenoppliving etter stenging idag. Då var dei nesten livlause av ein eller anna grunn. Men no er her fult liv helidgvis :-)

    mvh Aina gardakjerring

    SvarSlett
  3. Ååh!! Så kjekt dokke har hatt det :) vi også hadde lyst en tur i år og, men sommeren var over i en proff og et smell.. :/ gleder meg til og se dokke igjen!! :) klem Karina og Daniel :)

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)