lørdag 19. mai 2012

Herlig ferie - del 3 (safari zoo)

Vi fant ut at vi måtte gjere noke anna enn
å bade og shoppe på ferie, så på søndagen hadde
vi oss ein tur på Safari Zoo :)



Kjempekjekt for alle tre gutane -
men nesten kaos når vi kom fram og oppdaga
at eg hadde gløymt igjen sondesettet til Oskar
i leiligheta då eg pakka stelleveska før vi reiste....
kjente at eg nesten fekk litt panikk...



Oskar skal ha mat til faste måltid gjennom heile
døgnet - og det var klart for nytt måltid då vi kom fram...
...men tok ein sjanse og beit eit større hol i saftflaska hans -
og prøvde å få i han maten - til slutt fant vi ein teknikk som
fungerte og vi kunne tillate oss og kose oss nokre
timar før vi reiste tilbake :)))



Vi køyrde i eit ope tog som gjorde at vi kom tett
på alle dyra - Oskar var stor i augene og fekk sett mange
forskjellige dyr :)



Togføraren stoppa opp og mata mange av dyra
slik at dei kom heilt inntil toget



Etter togturen rusla vi litt rundt i ein liten dyrepark og
Oskar fekk til og med kose med ein liten reveunge :)

Deilig dag for store og små :)
og det siste Mallorcainnlegget...
....til neste gang vi tar oss en tur,
for eg trur ikkje dette var den siste gangen ;)

Klem frå Sissel



2 kommentarer:

  1. Heldige Oskar som har ei så snarrådig mamma! Man blir jammen oppfinnsom når det kniper;)
    Herlige bilder i dette innlegget også, får lyst på Mallorcatur jeg og.
    Og det er godt å høre at turen gikk slik at det ga mersmak.
    For det er jammen ikke noen selvfølge.

    Ønsker der en god uke,
    nå satser vi på sol og sommer her i gamlelandet også - ikke sant:)
    Klem Hanne

    SvarSlett
  2. ååh! Den turen ser heilt fantastisk ut Sissel! Har skikkelig lyst på en slik tur vi også :) Mange flotte bilda fra alle tre innlegga om turen! Og så bra at Oskar var i så fin form på turen!

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)