fredag 20. mai 2011

Problem kontra utfordringar

Vi har nesten frå første stund valgt å fokusere på at Oskar har utfordringar, ikkje problem. Oskar er ikkje noko problem - han er ein av dei kjæraste tinga vi har i livet...og vi vil gjere alt for at han skal ha eit verdig liv der han skal få oppleve so mykje han klarer å vere med på uten at det blir stressande for han.

Det er visse situasjonar der han ikkje er komfortabel, f.eks dersom det er mykje folk til stades - og så vel vi å skjerme han dersom det er mulig. Men han er selvfølgelig med på 17.mai, skuletilstelningar med brorane, arrangement i barnehagen ol. Då vil vi helst vere ei heil familie, og dersom Oskar ikkje er der - følest det ikkje som om familia vår er heil. Men det er også situasjonar der Oskar har det bedre heime og då får han vere heime ilag med ein av oss foreldra og den andre er ilag med dei andre to.

17.mai i år vart ein litt stressande dag for Oskar, men vi fekk vere der og gå i tog og vere med på leikar - og so reiste vi heim, medan ein snill nabo tok med seg dei andre to heim seinare (for dei ville selvfølgelig ikkje heim igjen).

 17.mai :Oskar og mamma - storebror Ulrik er fotograf. Vi tok oss ei pause frå alt ståket slik at Oskar fekk henta seg litt inn igjen.

Litt stressande med ein travel dag....

For å få kvardagen til å fungere best mulig har vi mange hjelpemiddel heime : vogn, sykkelvogn/pulk, bilstol, ståstativ, badestol, knappestyrte leiker, eigen stol mm, men utfordringa er å finne dei rette hjelpemidla som kan gjere kvardagen lettare. Oskar likar ikkje (naturleg nok - som alle andre som er nesten to år) å bli festa fast i noke. Men han må stå i ståstativet og ha ein bilstol.... Vogna og badestolen er vel det som hittil fungerar best, men vogna må nok snart byttast ut fordi den er forferdelig tung å trille - håpar på å finne ei slags joggevogn med nok støtte i til at han kan bruke den ;)

Det er heilt klart at Oskar har store utfordringar - og det er opp til oss og alle andre rundt han å finne løysingane for han. Han vil aldri kunne springe rundt slik som andre barn eller klare seg heilt åleine, men so lenge han har det bra - so er det det viktigaste for oss. Han får med seg alt rundt seg, er observant, har eit klart og godt blikk og er spesiellt god på å flørte med damer :)

Det viktigaste for han framover i tillegg til trening vil bli å finne ein måte å kommunisere på, slik at han kan få lov til å fortelle kva han vil og ikkje vil, eller berre seie at han er sint på oss eller ikkje vil legge seg... Men Oskar er eit fighter og eg er heilt sikker på at han vil klare å komme seg opp og fram i verda han også! Du skulle berre vist kor stolt vi er av deg, alle vi rundt deg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)